Det er første gong kong Haakon opnar Stortinget som konge

Haakon opna Stortinget for første gong som konge

(NPK-NTB): Kong Haakon opna fredag Stortinget for første gong som konge med ein tale som tok for seg både økonomien til folk og dei urolege tidene verda og Noreg står overfor.

Publisert Sist oppdatert

Like før den tradisjonsrike seremonien gjekk av stabelen, køyrde kongen i kortesje frå Slottet nedover Karl Johans gate og til Stortinget. Kronprinsesse Ingrid Alexandra var også med far sin – kledd i heilsort og med svart hårpynt.

I salen var fleire av representantane kledde i bunad.

– Noreg skal vere eit trygt land med moglegheiter for alle, innleidde den nye kongen i talen, som er skriven av regjeringa, men som tradisjonen tru blir lesen opp av kongen.

Det er 171. gong at Stortinget blir opna – og første gong av kong Haakon VIII. Det er rett nok ikkje første gong det er han som står for stortingsopninga, ettersom han steppa inn som kronprinsregent då kong Harald var sjukmeld i 2020.

– Landet vårt blir bore av eit levande folkestyre, høg tillit, små forskjellar, sterke lokalsamfunn og av ein lang tradisjon for å finne løysingar saman. Det er styrkar vi treng når verda rundt oss har blitt meir uroleg, sa kongen.

– Folk skal få betre råd

Trontalen er ei slags politisk programerklæring som skal peike ut retninga for politikken til regjeringa i den neste stortingsperioden. Kong Haakon fekk overlevert talen frå statsminister Jonas Gahr Støre før han gjekk opp på talarstolen.

Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam talte på vegner av regjeringa.

– Tryggleik for økonomien blir utfordra når uro ute gjer kvardagen dyrare heime. Regjeringa har eit klart mål: folk skal få betre råd, sa kongen.

– Betringa i økonomien til folk er sårbar. Krig og uro kan presse opp prisane på energi, mat og andre varer. Regjeringa vil derfor bruke oljepengane ansvarleg og føre ein økonomisk politikk som ikkje pressar opp prisane og rentene.

Politiske mål

I talen blei det også vist til fleire konkrete mål regjeringa har sett seg:

– Sidan regjeringa overtok, har 183.000 fleire komne i jobb. Regjeringa styrkjer arbeidslinja og dei arbeidsretta tiltaka for å nå målet om 150.000 fleire i jobb innan 2030.

Det skal også bli lettare å finne ein bustad folk har råd til, sa kongen:

– Regjeringa vil leggje til rette for at det blir sett i gang bygging av 130.000 nye bustader innan 2030.

– 59.000 færre står no i helsekø enn i 2021, og regjeringa har sett eit nytt mål: Pasientar skal normalt ha fått behandling eller vere i gang med behandling innan 60 dagar. «Mitt sjukehusval» skal gjere det enklare for pasientar å velje behandlingsstad, sa kongen.

– Ein historisk dag

Stortingspresident Masud Gharahkhani viste til det historiske suset som omkransa årets stortingsopning:

– Det er ein historisk dag. I 1906 var det kong Haakon den sjuande som opna sitt første storting. I dag, 120 år seinare, står ein ny kong Haakon klar til å opne sitt første storting som regent, innleidde Gharahkhani frå talarstolen.

Han mante også til samhald på tvers av politisk usemje framfor det kommande stortingsåret.

– Korleis vi opptrer i denne salen, set standarden for samfunnsdebatten utanfor desse veggene. I ei tid kor mange politikarar opplever hets og truslar for engasjementet sitt, må vi vere tydelege: Det krev innimellom mot å delta i demokratiet. Men det skal aldri krevje frykt, sa han.

Høgtideleg stemning i stortingssalen.

Dronninga ikkje til stades

Dronning Mette-Marit var ikkje med på grunn av sjukdom, men kronprinsesse Ingrid Alexandra var altså til stades.

Kongen kjem normalt til Stortinget berre éin dag i året, i begynninga av oktober. Då opnar kongen eit nytt arbeidsår der. Dette blir kalla Stortingets høgtidelege opning og er eit sjeldan høve fordi alle dei tre statsmaktene er samla på éin og same stad: Høgsterettsjustitiarius og ein delegasjon frå Høgsterett, regjeringa og Stortinget.

Reglane og rituala i stortingsopninga er i grove trekk dei same som då kong Haakon VII opna sitt første storting den 22. oktober 1906.

Sidan demokratiet blei innført i Noreg i 1814, har det vore 171. Storting. Kong Harald var til stades under opninga av over ein tredel av dei – heile 61 gonger. Kong Olav var med på opninga 58 gonger i løpet av sitt liv. (©NPK)

Powered by Labrador CMS