Grønt nivå på skulane i Gloppen

Gloppen kommune går over på grønt nivå i barnehagar og skular frå måndag 17. januar.

Dette vil seie normal organisering av skule- og barnehagekvardagen.

Nokre generelle smittevernråd skal framleis følgjast: sjuke personar bør halde seg heime og teste seg, og det er viktig med god hand- og hostehygiene.