Henriette Sjursen-Eriksen (Grøn Ungdom) under ungdomspartileiardebatten på Arendalsveka i sommar.

Grøn Ungdom-leiaren arrestert under aksjon i Førdefjorden

(NPK-NTB): Leiaren av Grøn Ungdom, Henriette Sjursen-Eriksen, vart tysdag arrestert og bøtelagd av politiet medan ho aksjonerte mot deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Publisert

Sjursen-Eriksen vart saman med fleire aksjonistar frå mellom anna Natur og Ungdom arrestert og bøtelagd tysdag. Det melder ho sjølv i ei pressemelding.

– Eg hyllar Natur og Ungdom som først vann i Høgsterett, og som no aksjonerer for livet i og langs Førdefjorden. Det er heilt spinnvilt at regjeringa ikkje følgjer opp ein høgsterettsdom, seier Sjursen-Eriksen.

Det har vore aksjonistar utanfor Nordic Minings anlegg på Engebø ved Førdefjorden etter at regjeringa 30. september tillét selskapet å deponere 4,5 tonn med gruveavfall i fjorden. Føresegna i regjeringa kom etter at Høgsterett i juni fastslo at det opphavlege utsleppsløyvet på 170 millionar tonn var ugyldig.

– Noreg er berre eitt av to land i heile verda som tillèt gruvedumping i fjorden. Eg byrjar å bli alvorleg bekymra for forståinga til regjeringa av klima og natur, seier ungdomspartileiaren.

Nordic Mining har i eit brev til Natur og Ungdom varsla at dei vil krevje erstatning på éin million kroner per dag av aksjonistane ved anlegget deira.

Powered by Labrador CMS