Bryggeri og brenneri i Noreg har hatt eit år med auka driftsinntekter. Biletet viser utstyr frå Voss Bryggeri. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK

Gode tider for brenneri

Trass i færre besøkande til pub- og serveringslokale, har bryggeri og brenneri i Noreg opplevd auke i driftsinntekter.

Aksjeselskapet Brennevinsgrova blei starta hausten 2019. Brenneriet ligg i Sykkylven i Møre og Romsdal og ligg an til å nå tre millionar kroner i driftsinntekter i sitt første driftsår, skriv Nett.no.

Fleire bryggeri og brenneri har hatt ein auke i driftsinntekter i 2020, då etterspurnaden etter øl og brennevin har vore høg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterspurnaden er først og fremst i daglegvarehandelen, ifølgje Nett.no.

(©NPK)