Arkivfoto frå Grandeparken på Sandane ein varm sommardag.

God sjanse for varm sommar i Noreg

I heile landet blir det mest sannsynleg ein varm sommar, sjølv om det ikkje kan utelukkast at det blir innslag av kjølige periodar.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem fram av Meteorologisk institutts sesongvarsel for juni, juli og august. På sida blir det understreka at vêret i Noreg varierer mykje.

– Sesongvarselet viser gjennomsnittsvêret i 3-månadsperioden og korleis det avvik frå det normale gjennomsnittsvêret, forklarer meteorologane.

Det generelle varselet for heile Noreg er at det mest sannsynleg at det blir ein varm sommarsesong, sjølv men at det kan bli kjølige periodar.

For nedbør er det størst sannsyn for at det vil bli tilnærma normalt for Austlandet, Agder, Vestlandet og Trøndelag. I Nord-Noreg er det like svært sannsynleg at det blir våtare enn normalt, som nær normalt.

Neppe kjøligare i aust og sør

Ifølgje sesongvarselet har Austlandet og Agder svært sannsynleg at det blir ein sommar med nedbør nær det normale. Det som blir rekna som normalt er basert på gjennomsnittsverdien for sesongane i perioden 1993–2016.

Samtidig er det i desse delane av landet 50 prosents sjanse for at det blir varmare temperaturar enn vanleg. Det er berre 15 prosent sannsynleg at det blir kaldare enn normalen.

På Vestlandet og i Trøndelag er det også mest sannsynleg med nedbør på det normale, men nesten like sannsynleg at det kan komme litt meir regn enn vanleg.

Også her er det 50 prosent sjanse for ein varmare sommar enn normalen.

Det blir varmare i nord

I Nordland, Troms og Finnmark viser sannsynsfordelinga for nedbør at det mest sannsynleg blir regn som normalt eller meir enn normalt. Der er det altså meir uvisst enn elles i landet.

Den nordlege delen av landet har størst sannsyn for ein mildare, varmare sommar, med 60 prosent.

Sjølv om dei ikkje gir nøyaktige svar, kan fleire sektorar potensielt ha nytte av slike sesongvarsel. Det kan vere landbruket, kraftprodusentar, reiselivsnæringa og beredskapsaktørar i samfunnet. Felles for desse er at dei har behov for å planleggje på lang sikt, og at risikovurdering er ein naturleg og integrert del av verksemda.

For folk flest er det også greitt å vite om gode sjansar for hetebølgje på kontinentet den kommande sommaren. Det kan føre til at mange legg ferien til andre område.

No er også kunstig intelligens (KI) på veg inn i vêrvarslinga og vil overta for dagens ganske komplekse, manuelle utrekningar. KI lærer av tidlegare års vêrmønster og bruker dette til å lage varsel. Nylege studiar tyder på at bruk av kunstig intelligens kan auke kvaliteten i sesongvarsla. (©NPK)

Powered by Labrador CMS