Går mot endring i flagglova: Kommunar får bruke fleire flagg friare
Det går mot ei endring av flagglova slik at ein får lov til å heise Pride-flagget medan det går føre seg lokale arrangement, melder avisa Noreg I dag.
Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget avla innstillinga si tysdag, og det går mot eit vedtak for å gjere det lovleg å heise Pride-flagget på alle kommunale flaggstenger, melder Noreg I dag.
Hittil har ein berre hatt lov til å heise det norske og det samiske flagget, i tillegg til kommune- og fylkesflagg, på offentlege flaggstenger. Lovendringa inneber at det òg skal opnast for bruk av andre flagg i «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld òg FN-flagget.
Det var «massiv motstand» i den skriftlege høyringsrunden, ifølgje avisa, men forslaget gjekk gjennom. Berre Frp stemde imot. KrF har òg vore kritiske, men stemde for.
Forslaget vart lagt fram av statsråd Nikolai Astrup (H) i fjor sommar. Saka blir behandla 25. mai.
(©NPK)