
Frp vil ha nasjonal arbeidsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30
Frp vil innføre nasjonal arbeidsplikt for folk under 30 som får sosialhjelp, skriv VG.
Partiet meiner dagens aktivitetsplikt ikkje blir følgt opp ordentleg og ønskjer å stramme han inn, skriv avisa.
Partileiar Sylvi Listhaug og stortingskandidat Jon Helgheim seier sosialhjelpsmottakarar eksempelvis kan klippe plen, levere mat, gjere vaktmeisteroppgåver og drive med vask, vedlikehald og praktisk hjelp.
Helgheim seier det var god effekt då Drammen innførte aktivitetsplikt i 2013, men at verknaden har minka.
– Vi ser at aktivitetsplikta ikkje blir utført. Du må stå i kø for å sjå om du kanskje får eit aktivitetstilbod om eit par månader. Då har det ingen effekt, seier han. Parti seier dei vil finne påkommande arbeid i kommunen som sosialhjelpsmottakarane må møte opp til.
– Sjølvsagt med rimelege vilkår om at du er frisk og rask, seier Helgheim. Listhaug vil innføre ordninga i alle kommunane i landet.
– For samfunnet vil det bety sparte kostnader og auka inntekter ved at du får folk i jobb i staden for at dei lever av offentlege ytingar. Du vil også få gjennomføre mange arbeidsoppgåver du ikkje får gjort i dag, seier Listhaug. Ho påpeikar at ordninga må vere fleksibel, og at eit kurs kan halde for nokon. (©NPK)