Frp, Sp og KrF med stortingsforslag om kutt i drivstoffavgiftene
Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti går saman om å fremje eit felles forslag i Stortinget om å gjeninnføre kutt i drivstoffavgiftene ut året.
Når Stortinget røystar over forslaget tysdag, må Høgre aktivt røyste for eller imot, skriv Frp i ei pressemelding.
– Den siste veka har vi sett pumpeprisar på over 31 kroner literen. Dette kan ikkje vi sitje stille og sjå på, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Forslaget blir fremja under trontaledebatten i Stortinget.
– For folk som bur utanfor ring 3 er ein dieselpris på over 31 kroner veldig dramatisk. Folk er avhengige av bilen. Dette får også dramatiske konsekvensar for mange ulike bedrifter over heile landet. For dei er ein dieselpris over 30 kroner langt ifrå kvardag, det er krise, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
– Drivstoffprisane som familiar og næringsliv no opplever, er uhaldbare. For mange familiar i distrikta er bilen heilt nødvendig i kvardagen – til jobb, levering i barnehagen og fritidsaktivitetar. Vi er opptekne av å gjere baby, bustad og bil mogleg for fleire - derfor er lågare drivstoffavgifter ei klar prioritering for oss, seier KrF-leiar Dag-Inge Ulstein i pressemeldinga. (©NPK)