Frp og Sylvi Listhaug kan gle seg over eit solid fleirtal saman med Høgre på Opinions meiningsmåling i april.

Frp og Høgre får fleirtal åleine på ny måling – Ap under 20 prosent

Frp er klart størst på endå ei meiningsmåling. Saman med Høgre får partiet fleirtal på Stortinget, utan Kristeleg Folkeparti og Venstre, som begge er under sperregrensa.

Publisert

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 19,5 prosent i målinga, som Opinion har gjennomført for ABC Nyheter og Altinget i april. Det er første gong sidan regjeringsbrotet med Senterpartiet i fjor at Ap hamnar under 20 prosent.

– Dette er ei svak måling av Arbeidarpartiet. Me har ikkje sett liknande sidan regjeringsbrotet med Senterpartiet i januar i fjor. Trenden er nedgåande. Samtidig er summen av Frp og Høgre uvanleg stor på denne målinga. Me må tilbake til juni 2013 for å sjå noko liknande på ei Opinion-måling, seier Opinion-rådgivar Martin Stubban til ABC Nyheter.

Ansvarleg, men systemkritisk

Framstegspartiet (Frp) er klart størst med 29,1 prosent og leier dermed med 9,6 prosentpoeng på Arbeidarpartiet. Frp og Høgre får til saman 48,1 prosent, det høgaste nivået dei to partia har hatt samla på Opinions målingar sidan juni 2013.

Mandatfordelinga gir Høgre og Frp 89 mandat, medan dei fem raudgrøne partia får 77.

Statsvitar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger seier Frp står fram som eit ansvarleg parti, samtidig som partiet er systemkritisk. Han viser til det grøne skiftet, som «den norske befolkninga ikkje ser ut til å vere heilt med på».

– Tanken på Listhaug som statsminister er meir moden no enn under valkampen, seier han.

Frp størst blant kvinnene

Frp har ei overvekt av mannlege veljarar, men er òg det klart største partiet blant kvinnelege veljarar i denne målinga. Også Høgre, som normalt har ei overvekt av mannlege veljarar, har i denne målinga ei overvekt av kvinner blant dei som seier dei vil røysta på partiet.

Oppslutninga til alle partia med endring frå mars i parentes.

Raudt 6,2 (-0,7), SV 5,7 (+0,1), Ap 19,5 (-1,9), MDG 4,6 (+0,5), Sp 5,9 (+1,3), Venstre 3,6 (-0,5), KrF 3 (-1,4), Høgre 19,0 (+1,3), Frp 29,1 (+1,9) og andre parti 3,4 (-0,7).

Målinga frå Opinion er basert på 1001 telefonintervju gjennomført i perioden 20. til 25. april. Feilmarginen varierer mellom 1 og 3,1 prosentpoeng. Dei største partia har dei største feilmarginane. (©NPK)

Powered by Labrador CMS