Forbrukarrådet er bekymra for tilgangen forbrukarane har til mat, medisinar og betalingsløysingar i krise. Illustrasjonsfoto: Amanda Pedersen Giske/NTB/NPK.

Forbrukarrådet: Beredskapsarbeidet for vanlege folk går for tregt

Forbrukarrådet meiner arbeidet med å sikre beredskap for vanlege folk tek for lang tid. Dei ber regjeringa om konkrete planar.

Publisert

– Vi snakkar mykje om kriser, men for lite om korleis folk faktisk skal klare seg når det gjeld, seier direktør Mette Fossum i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Ho opplyser at dei har sendt brev til Statsministerens kontor der dei uttrykkjer uro for tilgangen forbrukarane har til mat, medisinar og betalingsløysingar i krise.

– Beredskap er i ferd med å bli noko du må ordne sjølv. Det held ikkje, seier Fossum.

Forbrukarrådet peikar på at dagens system er sårbart og viser til koronapandemien då varer som morsmjølkerstatning og toalettpapir forsvann frå butikkane på timar.

– Vi må ha klare reglar for å rasjonere viktige varer, slik at forbrukarar får rask tilgang til dei ved behov. Viss folk ikkje veit at dei får tak i mat og medisinar, skaper det uro, seier direktøren.

Dei meiner styresmaktene no aktivt må prioritere vedtaket frå Stortinget i 2025 om å greie ut etablering av såkalla beredskapsbutikkar, som skal kunne fungere sjølv om straumforsyninga er nede.

Fossum åtvarar også mot å avvikle kontantar som betalingsmiddel.

– Kontantar er ikkje gammaldagse. Det er beredskap. Viss folk verken får tak i, eller høve til å betale for det dei treng, då stansar samfunnet, seier ho. (©NPK)

Powered by Labrador CMS