Fleirtalet av nordmenn seier framleis nei til EU

55 prosent av nordmenn ville stemt nei til EU dersom det hadde vore val i morgon, medan 33 prosent ville stemt ja, viser ei ny meiningsmåling.

Publisert Sist oppdatert

12 prosent av nordmenn svarer «veit ikkje» på Opinions ferske EU-måling på oppdrag frå Altinget.

Dermed har jasida stabilisert seg igjen etter eit skikkeleg oppsving i mars, der 40 prosent svarte at dei ville stemt ja til EU dersom det var val i morgon. Dei to siste målingane har vist eit mykje klarare neifleirtal.

Intervjua er gjennomførte mot eit landsrepresentativt utval i perioden 28. juli–3. august 2025. (©NPK)

Powered by Labrador CMS