Fleirtal på Stortinget seier nei til auka grunnrente for småkraftverk
Frp, Høgre, Venstre, KrF og Senterpartiet seier nei til forslaget om å auke grunnrenteskatten for småkraftverk.
Til saman har dei fem partia 90 mandat og dermed solid fleirtal på Stortinget.
Onsdag gjekk dei saman om eit såkalla dokument 8-forslag der det heiter at grunnrenteskatten for småkraftverk skal haldast på nivået han ligg på i dag.
Dermed slår dei ned forslaget om å senke terskelen for grunnrente frå dagens nivå på 10 MWh til 1,5 MWh.
– Det er bra at parti som er samde i sak, står saman om forslag, seier Tor Mikkel Wara i Frp.
– Vi stoppar no ei overføring av verdiar frå lokalsamfunn til staten og bruker vår posisjon for å finne gode løysingar for Noreg. Det blir ingen grunnrenteskatt for småkraft med dette stortingsfleirtalet eller med Senterpartiet i ein nøkkelposisjon i norsk politikk, slår energipolitisk talsperson for Sp Maren Grøthe fast.
Forslaget har allereie møtt massiv motstand i småkraftbransjen.
– Eg er glad for at borgarleg side og Senterpartiet no står saman om å stanse forslaget. På kort tid har vi fått inn ei rekke meldingar frå heile landet om påbyrja kraftutbyggingar som stoppar opp. Fleire kraftverk risikerer også å gå i minus og gå konkurs eller måtte leggje ned, seier Aleksander Stokkebø, Høgres talsperson for energi- og miljøpolitikk.