Arkivfoto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Fiskeavfall og gjødsel skal drive lastebilane fram

I dag er det berre fyllestasjonar for flytande biogass i det sentrale austlandsområdet. Men snart skal slike stasjonar kome fleire stader i landet.

Flytande biogass er rekna som eit klimavennleg alternativ som drivstoff til lastebilar. Enova har nyleg gitt støtte til bygging av 14 biogass-stasjonar, som er spreidde over heile Noreg, skriv NRK.

Tysdag opna statsminister Jonas Gahr Støre ein ny biogassfabrikk på Stord i Vestland fylke. Der vert avfall frå fiskeindustri og møk frå lokale bønder samla inn og omdanna til mellom anna flytande biogass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å lage energi av noko som elles ville ha vore avfall, er ein vinn-vinn-situasjon, seier Støre til NRK.

Med anlegget på Stord er det over 50 biogassanlegg i Noreg. Ytterlegare 22 er under planlegging.

(©NPK)