Aurland Hamnevesen KF har fått 27 millionar i støtte frå Enova til å byggja landstraum for cruiseskip i Flåm.Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Fire hamner får 56,2 millionar til landstraum

Fire hamner får til saman 56,2 millionar i Enova-støtte til landstraum. Dei største pottane går cruisehamnene i Flåm og Haugesund.

Aurland Hamnevesen kan gle seg over støtte frå Enova på 27 millionar kroner til landstraumanlegget som er kostnadsrekna til 83 millionar kroner.

– Dette var ei stor og viktig nyheit for oss, og noko me har stått på for å få til. Dette viser at me er klare for ei omstilling, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Aurland Hamnevesen ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det viktige no er å finna ein framtidsretta veg å gå som gagnar folkehelse og miljø i verdsarvfjordane, medan tek vare på det lokale verdiskapingsgrunnlaget.

Ifylgje hamnevesenet vil landstraumanlegget føra til at utsleppa frå cruiseskipa i Flåm bli redusert med 75 prosent på få år. Samstundes vil prosjektet bidra til meir tilførsel av straum til Flåm, og opne for elektrifisering av heile destinasjonen, heiter det.

Størst i Europa

Også i Haugesund er gleda stor etter at det blei kjent at cruisehamna i byen får 25,3 millionar i støtte til landstraumanlegg.

– Eg er utruleg glad. Dette betyr veldig mykje for satsinga til Haugesund på cruiseanløp. Samtidig er dette eitt av dei viktigaste miljøbidraga i visjonen vår om å vera ei klimanøytral hamn innan 2030, seier hamnedirektør Tore Gautesen til NRK.

Ifylgje kanalen blir landstraumanlegget i Haugesund det største for cruiseskip i Europa.

Dei to andre som har fått støtte til landstraumanlegg er Harstad Havn i Harstad som har fått 2,3 millionar kroner og Fjord Base AS i Flora som har fått 1,6 millionar i Enova-støtte.

– Tydeleg signal

Enova meiner interessa for å byggja landstraumanlegg er svært positivt.

– Landstraum er eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport, og difor er det svært positivt at det er interesse for å byggja landstraumanlegg også i ei tid der koronasituasjonen pregar marknaden. Dette er eit tydeleg signal til reiarlaga om at omstillinga til lågutsleppssamfunnet held fram med uforminska kraft, seier marknadssjef Astrid Lillestråle i Enova.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)