
Firda Tidend blir vekeavis i sommar
I sju veker i sommar kjem Firda Tidend ut med papiravis berre fredagar.
I vekene 26-32 (23. juni - 10. august) går Firda Tidend ned til éi papir-/e-avis i veka. Denne vil kome fredagane.
- Mange lokalaviser har gjort dette i fleire år allereie, og både av omsyn til ferieavvikling, at sommaren er ei relativt roleg tid, og at avisverda er i sterk endring med langt større fokus på digitale flater, gjer at vi òg vel å ta dette grepet i år, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.
Han fortel at fredagsavisa dermed blir ekstra fyldig og noko lesarane vonleg vil sjå fram til å få i hende.
Samstundes oppmodar han abonnentane om å bruke Firda Tidend si nettside.
- Der finn ein dei siste lokale nyhenda kvar dag gjennom året. Vi legg ut saker fortløpande, og alle som abonnerer på papirutgåva har også tilgang til alt som ligg på nettsida, også dei siste dødsannonsane og informasjon om eigedomshandel i Gloppen og Sunnfjord. Er ein ikkje allereie logga på og treng hjelp til dette, kan ein ta kontakt med kundeservice anten på mail eller telefon, opplyser redaktøren.
Frå veke 33 er ein tilbake i normal rute med papir/e-avis tysdag og fredag.