Sjukepleiar Ellen Lødemel set plaster på stikket, etter at direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, vart vaksinert mot covid-19 torsdag. Stoltenberg oppfordrar alle til å gripe sjansen når de i sommar får tilbod om koronavaksine. Foto: Camilla Moe Røisland/FHI/NTB/NPK.

FHI-direktør ber folk gripe vaksinesjansen

FHI-direktør Camilla Stoltenberg oppmodar alle til å gripe sjansen når dei i sommar får tilbod om koronavaksine.

Direktøren i Folkehelseinstituttet (FHI) seier det vil vere mogleg å få vaksine seinare, men at det er ikkje er sikkert at det vil skje i august eller når det passar den enkelte.

Dei siste dagane har det vorte kjent at fleire kommunar har for mange vaksinedosar fordi mange folk ikkje møter til vaksinasjon, eller ikkje bestiller time.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stoltenberg seier ein bør gripe moglegheita når ein får tilbod om vaksine i den kommunen ein bur i.

– Vår aller høgaste prioritet no er å få vaksinert flest mogleg med første dose. Vi er i eit kappløp mellom vaksinasjon og utbreiinga av deltavarianten, og må sørgje for at så mange som mogleg får vern så fort som mogleg, seier Stoltenberg.

Det har òg komme fram at fleire kommunar har for mange vaksinar. FHI-direktøren seier dei umiddelbart må gi beskjed til instituttet om å stoppe sendinga av fleire vaksinar.

– På denne måten kan FHI sikre at kommunar som treng meir vaksinar, får dei så fort som mogleg, seier Stoltenberg.

(©NPK)