Får midlar til å flytte gapahuken
Nordstranda barnehage har tidlegare fått krav frå Riksantikvaren om å rive gapahuken sin i Stetta nedanfor prestegarden på Vereide. No løyver den same Riksantikvaren pengar til arbeidet.
Bakgrunnen for rivingskravet er at gapahuken står innanfor sikringssona til to gravrøyser frå jarnalderen.
No har Riksantikvaren bestemt seg for å løyve 100.000 kroner til å flytte gapahuken til ein annan stad i området, melder NRK.
Annonse
– Eg håpar saka no får ei god løysing for både borna, barnehagen og kulturminna. Det ligg mange flotte gravhaugar i nærmiljøet til barnehagen sin gapahuk, og det betyr mykje at historia om heile dette blir formidla til borna som veks opp på Vereide, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til allmennkringkastaren.