
Etterforskar drapsforsøk i Førde
Politiet etterforskar ei hending der ein pasient på psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde skal ha prøvd å ta livet av ein besøkande.
Det skriv NRK Vestland.
Annonse
Stine Mari Vårdal, straffesaksansvarleg i Sunnfjord, seier til allmennkringkastaren at dei ser på saka som eit drapsforsøk, men at ho ikkje kan kommentere korleis hendinga skjedde sidan dei er midt i etterforskinga.