
Etterforskar dødsfall i Florø
Laurdag 28. juni kl. 13:41 blei politiet varsla av AMK om at det var ei livlaus kvinne på ei adresse i Florø. Politiet kom til staden kl. 14:16. Kvinna i byrjinga av 20-åra blei erklært død av lege kl. 14:50.
Til stades saman med den avdøde var to venninner av henne. Forholda på åstaden tyder på at dødsfallet skuldast ei ulykke. Det er ikkje mistanke om at avdøde er blitt drept, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
- Ut frå dei innleiande undersøkingane politiet har gjort, er det grunn til å mistenke at dei to venninnene hennar ikkje har oppfylt hjelpeplikta si. Dei blei derfor sikta for forsømming av hjelpeplikt, jfr. straffeloven § 288, heiter det i pressemeldinga.
Den eine sikta er ei kvinne i byrjinga av 20-åra, den andre er ei kvinne i 30-åra. Dei blei begge pågripne av politiet kort tid etter, men blei lauslatne laurdag kveld.
- Dei er førebels ikkje blitt formelt avhøyrde, og det er dermed usikkert korleis dei stiller seg til siktinga. Begge har fått oppnemnt forsvarer. Den yngste kvinna har fått oppnemnt advokat Ivar Hauge og den eldste kvinna har fått oppnemnt advokat Ivar Blikra.
Den avdøde blei funnen død i sin eigen heim. Dei sikta er òg frå Sunnfjord-området. Ingen av dei er kjende frå politiet frå tidlegare.