Emilie Enger Mehl klar favoritt på oddsmarknaden

Tidlegare justisminister Emilie Enger Mehl blir trekt fram som klar favoritt til å bli ny leiar i Senterpartiet – i alle fall om vi skal tru oddsmarknaden.

Publisert

Spelselskapet Vinn har opna odds-børsen på kven som overtek leiarstolen, og tala peikar tydeleg på 32 år gamle Mehl som den heitaste kandidaten, skriv Nationen.

– Ho har brei støtte internt, stor synlegheit i media og representerer ein ny generasjon i Senterpartiet, seier oddssetjar Kjell Knutsen i Vinn til Oddspodden.

Hos Vinn står Mehl til ein odds på 1,55, framfor forsvarsminister Bjørn Arild Gram, som får 2,40 i odds.

Men Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum sa måndag at han vil leie Senterpartiet vidare, men svarte ikkje klart på om han ser for seg å vere leiar også ved neste val.

– Eg er veldig motivert for å leie partiet, både når det er litt medgang og når det er litt motgang, sa Vedum til pressa etter fleire timar langt oppvaskmøte i sentralstyret i partiet.

Partiet fekk 5,6 prosent av stemmene i valet, og ni stortingsrepresentantar – 19 færre enn 2021. Det er første gong Senterpartiet har eit einsifra tal stortingsrepresentantar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS