
Ekstremvêret Amy treffer Sør-Noreg – kraftigaste på 25 år
Det kjem ekstremt kraftige vindkast og ekstreme mengder regn i Sør-Noreg i helga. Ekstremvêret kan bli det kraftigaste på 25 år fleire stader.
I delar av Telemark og Vestfold er det venta lokalt 80–100 mm nedbør på tolv timar, opplyser meteorologane.
– Hendinga vil mange stader vere blant dei kraftigaste vi har opplevd dei siste 25 åra, blir det opplyst.
I tillegg kan det kome vindkast på mellom 35 og 30 m/s. På kysten blir det full storm.
– Eit stormsenter plasserer seg i Nordsjøen i løpet av fredag og set opp eit kraftig søraustleg vindfelt over heile Sør-Noreg frå fredag kveld til laurdag ettermiddag. Dei mest ekstreme vindkasta er venta langs kysten av Skagerrak, men det vil også vere svært kraftige vindkast i store delar av Sør-Noreg, opplyser meteorologane.
Heile Sør-Noreg er dekt av farevarselet om vindkast.
– Vi ventar også svært mykje regn på delar av Austlandet laurdag. Det er også fare for høg vasstand søndag.
Medan ekstremvêret går føre seg er det også fare for snøfokk i høgfjellet.
Det er britiske meteorologar som har gitt ekstremvêret namnet Amy.