Petter Eide har lagt ned eit stort og viktig arbeid for kulturlivet og kulturarven i Nordfjord. I år er det 50 år sidan han vart med i skriftnemnda i Jul i Nordfjord.

Ein flittig arbeidsmaur for kulturen


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Ljøren 2012.





Han har vore ein flittig arbeidsmaur og har lagt ned ein eineståande innsats for kulturlivet i Nordfjord gjennom mange tiår. Langt oppe i pensjonistalderen er Petter Eide framleis aktiv, både som skribent, spelemann og målar. – Eg prøvar ikkje å kaste vekk tida. Tida er dyrebar, smiler han.


Petter Eide voks opp på Kleivedammen, like ovanfor Sandane sentrum. På 1990-talet måtte barndomsheimen rivast til fordel for ny infrastruktur i området, og Petter valde å ta ned tømmerdelen og byggje denne saman med eit murhus han åtte på Eide. Huset han no bur i finst det ikkje maken til.

Mange gode minne


– Murhuset som stod her var så lite. Eg hadde ikkje plass til alle tinga mine. Eg arva nesten alt innbuet i barndomsheimen. I tillegg hadde eg bruk for eit atelier. Det fekk eg laga til ved å flytte den eldste delen av huset mitt på Kleivedammen. Mor var skreddar. Den første skreddarverkstaden hennar var dette rommet vi sit i. Dette er blitt ein del av atelieret mitt no. Far hadde snikkarverkstad i stova under. Eg har flytta med meg mange gode minne på kjøpet – ikkje berre huset. Det set eg pris på. Etter kvart fekk mor seg skreddarverkstad i eit tilbygg til huset vårt på Kleivedammen, men dette uisolerte tilbygget vart rive då huset måtte vekk, forklarer Petter Eide, og legg til at han melde flytting til Eide 1. mai 1995.


I 1995 flytta Petter inn i det særeigne huset sitt på Eide.

Då mora Olina fekk verkstad i tilbygget, vart det laga til utleigerom på lemmen.

– Det var mange som leigde ut hybelrom til elevar på Firda Gymnas. Det gjorde familien min også. Hovudrommet på lemmen fekk stort vindauge og vart delt i to med ein skiljevegg. Dermed kunne vi leige vekk to rom. No er skiljeveggen fjerna igjen, og lemmen eignar seg godt til atelier, seier han, og viser til det store vindauget på søraustveggen og takvindauga som er sett i mot nordaust.

Faren kjøpte småbruk


Far til Petter, Knut G. Eide, var snikkar og treskjerar. Det var han som kjøpte det vesle småbruket som Petter bur på i dag.

– Eigedomen var skilt ut frå bruk nummer ein på Eide. Far kjøpte størstedelen i 1905. I 1930-åra kjøpte vi resten. Den gongen var det slik at ein måtte eige ein viss del av landet for å ha stemmerett, men eg veit ikkje om det var difor han kjøpte det. Far var bondeson og glad i bondeyrket. Huset på Kleivedammen vart bygd før han kjøpte småbruket. Å ha eit småbruk kom vel med under krigen. Vi slo graset her og dyrka frukt og grønsaker. I fjøsen på Kleivedammen hadde vi kyr og sauer. Avstanden mellom småbruket og heimen på Kleivedammen var 1,5 kilometer. Vi hadde ikkje bil den gongen. Om vi skulle hente noko lite, var det å bruke sykkel, fortel han.


Før han fekk sitt eige atelier, måla Petter aller helst ute i det fri.

Ei lade var alt som stod på eigedomen på Eide.

– Det måtte vi ha til høyet, men under krigen bygde vi opp eit murhus. Mursteinen laga vi sjølve. Vi fann sand på eigedomen og støypte mursteinar. Vi snakka om at det ville vere godt å ha eit hus å gå inn i og ete nista når vi arbeidde her. Mor drøymde om å flytte hit, men det vart aldri. Det var stadig nokon som var huslause, som måtte få bu der, fortel han.

– Ein god skule


Broren Gunnar var to og eit halvt år eldre enn Petter.

– Under krigen vart alle radioar inndregne. Vi kjende godt ein flink kar på radiofabrikken til Olav Sande. Han laga ein elektrisk grammofon med forsterkar til oss. Då vi vakna om morgonane for å gå på skule, hadde vi høgtalaren ståande i vindauget. Det førte til at vi fekk besøk av tyske soldatar som ville sjå om vi hadde radio. Det hadde vi ikkje, smiler Petter, og legg til at unggutane fekk behalde grammofonen.

Dei to brørne måtte vere med og hjelpe til i gardsdrifta. Såleis fekk dei lære mykje praktisk arbeid.

– Eg voks opp i ein syverkstad og ein snikkarverkstad. Det eg lærte der har eg hatt bruk for heile livet. I sagbruket til far min hjelpte eg mykje til, og eg var med far i skogen og hogg tre. Far kjøpte tre med bøndene på Eide. I ein periode laga han likkister til tuberkuloseheimen på Kleivedammen. Til dette såg han seg ut store, høvelege tre. Når vi skulle hente høy, lånte vi merra til farbroren min. Dermed fekk eg lære å køyre med hest også. Heimen var i det heile ein god skule, også språkleg, fordi eg høyrde på alle som kom innom, fortel han.


Han vart tildelt Gloppen kommune sin kulturpris i 1995.

Laga ski under krigen


Under krigen var Petter også med på å lage ski.

– Olav K. Henden fekk ikkje tak i nok og kom innom far og fekk han til å produsere ski. Det var eg med på. Far laga til ei form. Vi limte skia i hop av tre delar, ein sole av hard ved, ein overdel som skulle vere mjuk og eit mellomlegg av furu. Skia vart høgast på midten. Vi hadde tre former og kunne laga eit og eit halvt skipar per døgn. Skia skulle beisast og lakkerast. Det var ein del arbeid. Eg trur prisen var 15 kroner per par. Ei dagløn var gjerne ti kroner på den tida. Dermed tente vi bra på dette, fortel han.

– Korleis vil du seie oppveksten din var?

– Eg hadde ein veldig god oppvekst. Sjølv om vi måtte vere med å arbeide – vi hjelpte til med slåtten, plukka eple og poteter – fekk vi litt fritid til å leike og sparke fotball. Eg likte å fiske i Kleivedamselva. Her opererte eg mykje i lag med ein nabo, Kjell Mardal, son til P.J. Mardal. Vi brukte hov. Ein av oss heldt hoven og den andre «pøta». Krea stod inn under reinene eller elvebardane. Dei største fiskane kunne vi steike. Var dei små, sleppte vi dei ut att, fortel han.

Alltid likt å teikne


Petter Eide har alltid vore interessert i å teikne. Allereie som liten gut lånte han skreddarkritet til mora og låg under skreddarbordet hennar og teikna. Dei kvite merka på undersida av bordplata er der enno. Som tolvåring laga han sitt første oljemåleri. Motivet var ei gamal stove på Kleivedammen, vis av vis der han budde sjølv. Gamle hus må ha interessert han heile livet.

– Kva er det som gjer det?

– Det er vel det at gamle tømmerhus verkar så naturlege og heimlege, forklarer han.



På tunet hans står det eit 300 år gamalt stabbur frå Skår i Gloppen. Petter brenn for den gamle folkelege byggjestilen, og kosta arbeidet med å flytte bygget.

Alt i konfirmasjonsalderen byrja Petter på kurs. Norsk Korrespondanseskole hadde kurs i både teikning og måling. Under studietida i Trondheim gjekk han på privat målarskule om kveldane. Der lærte han mykje. I hovudstaden heldt han fram med å ta ulike kveldskurs. Han likte å tileigne seg kunnskap. Eitt eller anna kurs gjekk han på heile tida, anten det var måling, modellering i leire, stofftrykking eller fransk. Ved å oppsøkje utstillingar og museum kvar han har kome, har han heile tida prøvd å følgje med på kunstutviklinga både i fortid og notid.

Utdanna sivilingeniør


Broren begynte på Noregs Tekniske Høgskule (NTH) under krigen.

– Han gjekk på arkitektlinja. Nokre år etter begynte eg på eit studium som førte fram til diplom i sterkstraum. Det var naturleg for meg. Eg hadde gode karakterar frå gymnast, og kunne i grunn velje yrke. Eg hadde lyst å få meg jobb i Nordfjord. Det fekk eg òg, men først hadde eg fleire interessante år i Oslo, smiler Petter Eide, som fekk seg jobb i selskapet Samkjøringen av Østlandets Kraftverker.

Han budde i hovudstaden i sju år. Etter eit opphald i Florø, der han arbeidde i Ytre Fjordane Kraftlag, reiste han tilbake til Oslo for å arbeide i Vassdragsvesenet halvanna år. Deretter vart han headhunta av Herland, direktøren i Vestlandske Kraftsamband, som seinare skifta namn til Sogn og Fjordane Energiverk.


Petter Eide har laga mange teikningar og illustrasjonar, mellom anna logoen på framsida av Ljøren. Dette er ei skisse av vasskraftprosjektet ved Nordfjord Folkemuseum, laga i 1998.

I Gloppen fekk Petter Eide svært mykje å gjere. Han engasjerte seg i Jul i Nordfjord, Årbok for Nordfjord, bygdeboka og vart styreformann ved Nordfjord Folkemuseum i 1969. Han var også med i bunadnemnda i Nordfjord i mange år. Han hadde så mykje å gjere at han fann ut at han måtte kutte ned på noko. Det vart jobben som måtte lide. Gradvis trappa han ned for å få tid til å måle og spele meir. Då han var i fullt arbeid, var det fleire år han ikkje tok i ein pensel.

– I 1962 kom eg heim frå Oslo og vart med i skriftnemnda i Jul i Nordfjord. Det var det første. Mathias Søreide inviterte meg med. Det er 50 år sidan i år. I 1967 kom eg med i Årbok for Nordfjord. Eg tykkjer dette arbeidet er viktig, og eg har glede av det også. Det er ikkje kvart år eg får tid til å skrive artiklar, men eg prøvar på det, seier han.

Glad i musikk


Då han var 13 år, tok Petter til å spele fele.

– Eg var i to bryllaup denne sommaren med ei vekes mellomrom. Der fekk eg høyre trekkspel og fele. Det tykte eg var så fint at eg fekk lyst til å lære meg det. Far hadde spelt fele, og ho hang på veggen. Det var berre å ta ho ned. Då eg ikkje fann bogen, tok eg ein klehengar og kom i gang. Eg er mykje godt sjølvlært, men eg lærte nokre slåttar av Helge Lyslo på Karavadet og så reiste eg opp til Anders Viken då eg var 14 år. Han budde på Skei og var ein kjend spelemann. Eg hugsar at dei dreiv med slåtten då eg kom. Eg vart med og arbeidde om dagen, og så spelte vi om kvelden. Etter at eg flytta tilbake til Sandane, fekk eg lære meir av han, fortel Petter.

– Kva betyr musikken for deg?

– Han betyr veldig mykje. Musikken er ein stor del av livet. Til å begynne med likte eg best hardingfele. Det gjer eg enno, men eg er blitt meir og meir fengsla av klassisk musikk. Eg er med i Gloppen Hardingfelelag, Austrheim Musikklag, Fjelljom og Einar Eimhjellens gamaldansorkester. Med det siste orkesteret har eg vore på Amerika-turne eit par gongar. Då eg kom til Oslo, etter å ha studert i Trondheim, hadde eg med fela. Eg vart med hardingfelegjengen i Oslo, og etter kvart overtok eg jobben som spelemann for leikarringen til Bondeungdomslaget i Oslo. Gjennom denne spelejobben fekk eg vere med på mange turar, først og fremst til dei nordiske landa, men også til Hellas, Italia, England og Skottland. Seinare har det vorte turar til mange land med andre leikarringar, mellom anna den i Gloppen, fortel han.


Musikken er ein stor del av livet til Petter. Særleg glad er han i hardingfelemusikk.

Ein god stad å vere


Kor mange måleri han har laga, har ikkje Petter tal på. Aller helst målar han landskap frå Nordfjord. Ryssdalshornet er eit ynda motiv, Hornelen likeså. Gamal arkitektur likar han også å få med – gamle naust, gamle kyrkjer – alt som er ærleg og ekte.

– Det er noko ærleg over dette gamle, men det har også med estetikk å gjere, forklarer han.

Det er ei skaparkraft som ligg bak bileta hans, og lysta til å måle kjem med lyset.

– Eg målar helst i vår- eller hausthalvåret. Om våren har du lyset. Om hausten har du fargane. Om vinteren prøver eg å skrive litt. Det kan vere artiklar om hus og gjenstandar på museet eller gamle arbeidsmåtar, til dømes korleis dei tørka korn i gamle dagar. Eg er interessert i menneske – korleis vi har det, korleis vi har hatt det og korleis vi vil få det. Museet viser litt av det menneske i Nordfjord har klart å skape. Det er ikkje noko livsfjernt, slår han fast.

– Tidlegare måla du så å seie utelukkande ute. Har dette endra seg etter at du fekk eige atelier?

– Før hadde eg i grunn ikkje nokon stad å måle heime. Eg målar meir inne no. Eg tykkjer atelieret er ein god stad å vere. Det er i grunn tida det skortar på. Eg er engasjert i så mykje. Difor målar eg ikkje fullt så mykje som før. Eg lagar kring 20 måleri i året, seier 87-åringen.

Energi og livsgnist


Petter Eide blir karakterisert som eit romsleg og fint menneske av personar som kjenner han. Han har eit ope sinn, er positiv og snill og er ikkje den som lagar noko stort vesen av seg sjølv. Han likar å arbeide og er ikkje redd for å setje i gang prosjekt på eigedomen sin. Ei flott steintrapp på søraustsida av huset er eit prov på det. Noko stor ordenssans har han kanskje ikkje, men det er likevel noko sjarmerande ved alle bileta og bøkene ein får auge på kring i heimen hans.

– Du har ikkje familie. Har du sakna det?

– Ja, etter kvart så har eg sakna det å ha familie. Det passa aldri – trur eg.

Petter er samfunnsengasjert og har framleis stor arbeidskapasitet. Han manglar ikkje planar. Mange på hans alder ville kanskje ha roa ned. Han har framleis ein energi og ein livsgnist som den yngre garde kan misunne han.


I huset på Eide har Petter eige atelier. – Eg begynte på eit måleri av mor mi kring 1950, før vi kjøpte første vaskemaskina. No er motivet borte, så dette måleriet blir kanskje aldri ferdig, seier han.

– Eg har masse planer, og må stå på for å få gjort i alle fall litt av det eg ønskjer å gjere. Eg er lenge oppe om kvelden for å få gjort mest mogleg. Eg er vel helst eit B-menneske. Før eg legg meg, må eg lese litt aviser. Må eg helst ha gjort noko i dag – noko som blir for seint i morgon – så gjer eg det. Og så synest eg at eg må ta litt i fela før eg legg meg. Då kan klokka lett bli eitt-to før eg kjem meg i seng, smiler han.

Kongens sølv i 2002


87-åringen er blitt heidra med ei rekkje prisar for engasjementet sitt. Han har fått Gloppen kommune sin kulturpris, Gloppens Sparebank sin kulturpris, Fokemusikkprisen for Sogn og Fjordane, Nordfjord Sogelags heiderspris og HM Kongens fortenestemedalje i sølv. Han var ein av initiativtakarane til Gloppen Kunstlag, og er i dag æresmedlem i laget.

– Kva utmerking set du mest pris på?

– Det må vere medaljen frå Kongen som eg fekk i 2002. Då vart det gjort stas på meg med ein eigen fest på museet. Eg visste ikkje om det på førehand og vart veldig overraska. Det gledde meg også mykje å få helse på kongeparet på Slottet, smiler han.


I 2002 vart kulturarbeidaren heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv. Ordførar Anders Ryssdal delte ut medaljen.





Fekk du med deg: Bispeslektning og hotelleventyrar. 24. mars 2018

Tidlegare saker frå arkivet:
Frå mars:
Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt. 17. mars 2018
Hugo Mowinckel – verdsmannen på Holvikgård. 10. mars 2018
Øyna – den siste grøne sentrumslunga. 3. mars 2018

Frå februar
Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta. 24. februar 2018
Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018

Frå januar
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018

Frå 2017
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017