Dieselbrølet planlegg markering under Stortingets opning
Fredag finn den høgtidelege opninga av Stortinget stad. Då planlegg Dieselbrølet å markere seg.
– Eg håpar vi blir så mange som mogleg. Det er no det gjeld, seier mannen bak Dieselbrølet, Jan-Erik Rafoss, til Lister24.
Kor mange som kjem, veit han ikkje, men han håpar dei blir mannsterke.
– Jo fleire vi blir, jo meir blir vi lagde merke til.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum skal møte dei utanfor Stortinget. Rafoss håpar òg på ein prat med Sylvi Listhaug i Frp.
Utanfor Stortinget vil dei aksjonere mot dei stadig aukande dieselprisane, som mellom anna aukar på grunn av krigane i Midtausten og Ukraina.
Rafoss, som sjølv driv eit transportfirma, seier bransjen har vore pressa sidan pandemien.
– Etter Ukraina-krigen og med rentehevingane så har dei fleste ikkje ei botnlinje å gå på. Det blir berre så gale, seier han til Lister24.
No håpar han på å bli høyrd og teken på alvor av politikarane. (©NPK)