- Dette ser veldig bra ut
- Vi satsar på mykje folk og stormande jubel, smiler Vegar Sårheim.
Den daglege leiaren i Gloppen Næringsorganisasjon er fredag ettermiddag i god gang med å gjere Sandane sentrum klart til Matamål sin tradisjonsrike torgdag laurdag.
God variasjon
- Det er over 30 påmelde utstillarar. Det er veldig bra, og variasjonen mellom utstillarane er god, seier han og fortel at nytt av året er det at fleire fiskeseljarar vil vere til stades på Heradsplassen:
- Kadaver, Coast Seafood og Nordfjord Laks blir med.
I motsetnad til tidlegare, blir det ikkje eit stort mattelt nordvest for Gloppebua på torgdagen.
- I staden blir det to mindre telt på Heradsplassen. Vi prøver å plassere alle bodene som sel mat nær telta, opplyser Sårheim og konstaterer at vêrmeldingane no er så gode for morgondagen at sitjeplassar under tak kanskje ikkje er nødvendig.
- Har vore veldig kjekt
Matamål starta med Open Gard på Norsk Fjordhestgard i Breim og Afternoon tea på Gloppen Hotell sist laurdag. Denne veka har det vore fleire arrangement på kveldstid.
- Det har stort sett gått veldig fint, med unntak for kokkekvelden med Reodorklubben på Sandane onsdag, som blei avlyst på grunn av for få påmelde, seier prosjektleiar Kristin Sandal.
Ho fortel at kurset i baking og tradisjonsmat torsdag var fullsett, og at det har vore ei veke prega av variert program.
- Vi har ønskt å treffe ulike målgrupper, og har hatt nokre aktivitetar med aktive deltakarar og andre med eit meir lyttande publikum. Det har vore veldig kjekt, understrekar ho.
Meir å glede seg til
Fredag kveld er det vin- og matkveld på Sølvane Matbar.
Neste veke held Matamål fram med nye aktivitetar.
Tysdag blir det omvising på Sande Settefisk. Onsdag er det kurs i konservering med Kari Støfringsdal, kokkekveld med Reodorklubben i Hyen og foredrag om kosthald og trening med Anette Skarpaas Ramm i kinosalen i Trivselshagen.
Matamål 2025 blir avslutta med Babettes gjestebod på Gloppen Hotell laurdag 27. september.