Grønsisiken kan kome i store flokkar, men i vinter har han nok funne mat andre stadar enn i Gloppen.

Det har vore lite småfuglar å sjå i vinter

Publisert Sist oppdatert

Her i Åsen er det lite av både kjøtmeis og blåmeis. Etter det eg kunne sjå i sommar, låg det igjen ein del døde ungar i reira til desse. Litt for lite mat, reknar eg med.

Stillits er ein relativt ny fugl i Gloppen, men i vinter har han glimra med sitt fråvere.
Grønfinken er ikkje like talrik i år som han var då dette biletet blei teke.

Ein flokk stillits, ny fugl i Gloppen, som har vore her dei siste 10 åra, har eg ikkje sett i vinter. Gråsisik, bjørkefink og grønsisik kan kome hit, i store mengder, enkelte år, for så å vere borte i fleire år. I vinter finn dei nok frø og mat andre stadar enn i Gloppen.

Siste innrykket av grønfink, såg eg i 2018. Då hadde eg store mengder på fôringsbrettet. Etter det vart mange borte pga sjukdom.

Sidensvans har nesten ikkje vist seg i Gloppen i år. Lite rognebær og hekkbær som trasta åt opp.

Munk blir rekna som trekkfugl, og dei som har prøvd å overvintre på våre kantar har nok hatt problem med å greie seg.
Gjerdesmetten er mellom artane som slit i kalde vintrar.

Bokfink, munk og raudstrupe blir rekna som trekkfuglar. Dei få som har prøvt å overvintre, har kanskje bukka under pga kulden. Både munk og raudstrupe var her tidleg i vinter, men er borte no.

Elles slit vel gulspurven generelt (raudlista). Moderne landbruk, mangel på hekkeplasar, er vel litt av grunnen.

Fuglekongen.

Gråspurven og pilfinken greier seg godt her i Åsen, men gråspurven har problem på landsbasis.

Gjerdesmetten er svært utsett i slike kuldeperiodar, så det vert spennande å sjå om han dukkar opp til våren.

Kjekt å sjå at fuglekongen var på leiting etter mat for nokre veker sidan.

 

Powered by Labrador CMS