Det blir ikkje fiskefestival i Traudalen i dag.

Det blir ikkje fiskefestival i dag

Sudstrands Ungdomslag melder om at festivalen i Traudalen er utsett på grunn av dårleg ver.

Publisert Sist oppdatert

I dag skulle den årlege fiskefestivalen gått av stabelen i Traudalen. Men Sudstrands Ungdomslag melder at dei desverre har måtte utsetje festivalen på grunn av dårlege meldingar.

På dagen i dag er det ikkje meldt om så mykje nedbør, men på Yr kan dei derimot fortelje  om kraftige vindkast. På Traudalsvatnet er det meldt om over 20 m/s i kasta, og då er det ikkje so enkelt å drive fiskeri med tynn sen, sjølv om fiskeriet føregår frå land. Særleg triveleg er det heller ikkje i slik vind.

- Vi hadde gleda oss til å arrangere festivalen, men på grunn av usikre meldingar på Yr, særleg med tanke på vind i kasta, utset vi arrangementet. Vi beklager, men kjem sterkare tilbake ved eit nytt høve, skriv arrangøren.

Powered by Labrador CMS