Det blir fiskekonkurranse likevel

Årets fiskefestival i Jølster er avlyst, men det hindrar ikkje arrangementskomiteen i å finne på ei høveleg erstatning

– Når vi ser kva vêr som er meldt dei næraste dagane, får vi rett og slett abstinensar og det må vi gjere noko med, smiler medlem av komiteen, André Sunde.

Aurefestkomiteen: - Vi fekk abstinensar, seier komiteen for Jølster Aurefest. Dermed måtte dei pønske ut eit alternativ til den avlyste aurefesten. F.v:: Egil Tefre, André Sunde, Øyvind Årdal, Jørn Inge Egge, Anne Rivedal og Karl Ivar Sunde. Leiar Finn Årdal var ikkje til stades då biletet vart teke.

Uhøgtidleg erstatning

Som sagt, så gjort, og etter litt hovudbløyt kom den kreative gjengen bak Jølster Aurefest til at dei skulle lage ein uhøgtidleg fiskekonkurranse på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den går, kort fortalt, ut på at frå torsdag ettermiddag til laurdag ettermiddag kan kven som helst fiske over alt i Jølster og vere med på konkurransen. Det er gratis å vere med, men deltakarane må ha gyldig fiskekort. Etter at konkurransen er slutt laurdag ettermiddag, blir det trekt ei idealvekt som det gjeld å kome nærast, akkurat som i den ordinære aurefesten.

Les også
Her er premien i fiskekonkurransen

– Korleis skal fiskarane registrere fangstane?

– Det skjer på den måten at dei tek foto av fisken eller fiskane og utfører veging sjølve og legg det inn på ei Facebook-side som blir oppretta for formålet. Fotografering av fangstane skal gjerast på ein slik måte at vi ser at det er fiska i Jølster, får vi høyre av komiteen som var ute på ei lita treningsøkt på sørsida av Jølstravatnet onsdag kveld.

Jølster aurefest: Fiskekonkurransen i 2018 gjekk i strålande sol. Same v^ret er meldt denne helga når konkurransen skulle gått av stabelen.

Bil i premie

Førstepremien under Jølster Aurefest har sidan starten vore ein bil, ein Volvo. Bil i premie blir det i år også, ein Volvo XC 90, om enn i litt forminska utgåve.

– Foto av bilen ventar vi med til konkurransen er i gang, seier André Sunde med eit hemmeleg smil.

– Korleis skal premieutdelinga gå føre seg?

– På grunn av koronasituasjonen og smittevernreglar, vil den vil skje på Facebook, seier André Sunde som håpar mange blir med på den uhøgtidlege konkurransen. Kor mange han og dei andre trur kan bli med, har dei ikkje tenkt så mykje på.

– Det viktigaste er å ha det moro, får vi høyre, og dei er heller ikkje redde for at nokon skal fuske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om nokon vil gjere seg til kjeltring for 500 kroner, får dei berre drive på, er konklusjonen til Jørn Inge Egge.