Desse trivst best på skulen
Jenter trivst betre på skulen enn gutar. Ein ny studie meiner å visa kvifor.
Forskarar ved NTNU har snakka med 1620 born i alderen 6 til 9 år i eit forsøk på å finna ut kven som trivst best på skulen og kvifor, skriv Gemini.
Det kjem tydeleg fram at jenter har det betre på skulen.
– Det kan seiast at skulen passar betre for jenter. Dette kan mellom anna ha biologiske årsaker, meiner professor Hermundur Sigmundsson ved NTNU.
Sigmundsson seier gutar og jenter får dopamin av ulike aktivitetar.
– Me veit at jenter får meir dopaminverksemd av sosiale relasjonar, det å vera saman. Gutar får meir dopamin gjennom sjølvsentrert åtferd. Gutane har også høgare testosteronnivå slik at dei har meir behov for aktivitet. Lange skuledagar, det å sitja stille, passar ikkje gutane.
Sigmundsson tilrår meir fysisk aktivitet, og ein sokalla «lidenskapstime» der elevane får utfalda seg kreativt. (©NPK)