Frp-leiar Sylvi Listhaug og Høgre-leiar Erna Solberg får fleirtal på augustmålinga frå FriFagbevegelse og Dagsavisen. Foto: Paul S. Amundsen/NTB/NPK.

Borgarleg fleirtal og Høgre-hopp på ny måling

Høgre-framgang og KrF over sperregrensa sørgjer for borgarleg fleirtal på ei ny måling frå FriFagbevegelse og Dagsavisen, sjølv om Venstre hamnar under grensa.

Publisert

Målinga er ifølgje FriFagbevegelse den første hos dei med borgarleg fleirtal sidan januar.

Høgre går fram med 3,7 prosentpoeng, opp til 17,9 prosent.

– Dette er ei god måling for oss. Eg er glad for å sjå ein tydeleg og klar framgang. Og eit borgarleg fleirtal, seier Høgre-leiar Erna Solberg til FriFagbevegelse.

Frp er stadig største parti på borgarleg side med 21,5 prosent, ein nedgang på 1,5 prosentpoeng sidan førre måling. KrF hamnar på 4,5 prosent, opp 1,2 prosentpoeng, og er med det over sperregrensa.

– Dette er gode nyheiter for borgarleg side og spesielt hyggeleg for Høgre. Det er framleis tett, men verdt å merkje seg at det er borgarleg fleirtal, sjølv utan Venstre over sperregrensa, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking til FriFagbevegelse.

Arbeidarpartiet er stadig største parti på 24,8 prosent i målinga, men går tilbake 2 prosentpoeng. Samtidig fall både SV og Raudt ned til høvesvis 5,5 prosent og 5,6 prosent, og MDG hamnar under sperregrensa på 3,6 prosent.

For partia fordeler oppslutninga i prosent seg slik, med endring i prosentpoeng i parentes: Ap 24,8 (-2), Frp 21,5 (-1,3), Høgre 17,9 (+3,7), Senterpartiet 6,8 (+1,5), Andre parti 5,8 (+0,1), Raudt 5,6 (-1,7), SV 5,5 (-1,5), Krf 4,5 (+1,2), Venstre 3,9 prosent (-1,2), MDG 3,6 (+1,3).

Målinga er utført av Opinion i august. (©NPK)

Powered by Labrador CMS