Frp-leiar Sylvi Listhaug (t.v.) har all grunn til å smila, medan for statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er det ei vanskeleg måling.

Borgarleg fleirtal i ny TV 2-måling to månader etter valet

Ei ny partimåling viser framgang for Frp og KrF, og eit kraftig fall for Ap. Dei borgarlege ville hatt fleirtal dersom det var val i dag.

Publisert

Arbeidarpartiet fell 4,5 prosentpoeng til 25 prosent, medan Frp går fram 1,7 prosentpoeng til 23,3 prosent, skriv TV 2.

Kristeleg Folkeparti veks samtidig 1,6 prosentpoeng til 5,7 prosent. Også Høgre, Venstre og Raudt går noko fram, men dette er ei endring innanfor feilmarginen. Til saman har dei fire borgarlege partia 88 mandat, mot 81 for dei fem raudgrøne. Samtidig er alle stortingspartia framleis over sperregrensa.

Verian har utført partimålinga for TV 2. 1194 personar er intervjua i perioden 27. til 31. oktober, og feilmarginen er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng.

Oppslutninga til partia er som følgjer: Ap 25 (-4,5), Frp 23,3 (+1,7), Høgre 15,9 (+0,9), Raudt 6,3 (+0,1), SV 5,8 (0), KrF 5,7 (+1,6), Sp 5,5 (-0,4), V 4,6 (+0,4), MDG (-0,3), Andre 3,9 (+0,5). (©NPK)

Powered by Labrador CMS