Folk kjøper mindre mjølk, men meir smør og ost. Foto: Tine/NTB/NPK.

Bøndene tener rekordmykje på Tine

Tine sine driftsresultat på 2,37 milliardar kroner i 2025 fører til at mjølkebøndene får etterbetalt til saman 1,7 milliardar.

Publisert Sist oppdatert

Det betyr at kvar mjølkebonde får 1,2 kroner per liter dei har levert, skriv Nationen.

- Sikrar matproduksjon i heile landet

– Resultatet viser at vi lukkast med å utvikle produkt og merkevarer som forbrukarane etterspør. Vi er glade for at det kvite gullet står sterkt i møte med aukande etterspurnad etter naturleg og næringsrik mat. Det styrkar mjølkebonden sin økonomi, sikrar matproduksjon i heile landet og gjev oss høve til å fortsetje å investere i eit solid konsern som står stødig i ei uroleg verd, seier konsernsjef i Tine, Ann-Beth Freuchen, i ei pressemelding.

Ein gjennomsnittleg mjølkebonde leverer 245 tonn med mjølk i året, og det fører til ei etterbetaling på nærare 300.000 kroner. 

Mjølkebøndene i Vestland får totalt 210 millioner kroner i etterbetaling.

Lokal verdiskaping

Styreleiar Rolf Øyvind Thune meiner både resultatet og etterbetalinga reflekterer verdien av at mjølkebonden eig eit merkevareselskap med fleire kommersielle bein å stå på.

– Tine er bygd for å vare, og våre viktigaste verdiar er merkevarene våre. I 170 år har evna til å lukkast i marknaden, kombinert med kontinuerleg utvikling i verdikjeda, skapt lokal verdiskaping og styrka Noreg sin totalberedskap. Når myndigheitene er tydelege på behovet for robuste matsystem og høg sjølvforsyning, bidreg Tine sine resultat til dette i praksis, seier Thune.

Folk kjøper mindre drikkemjølk, men til gjengjeld meir ost og smør. Totalt har etterspurnaden av meieriprodukt auka.

Powered by Labrador CMS