Hagevandring Gloppen hagelag, Birgitte Nerland og Ronny Bakkelid.
Spennande uterom i hagen til Birgitte Nerland og Ronny Bakkelid.

Bli med på hagevandring

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 13. august inviterer hagelaget til hagebesøk hos Birgitte Nerland og Ronny Bakkelid i Øyravegen 23. 

Her får du sjå flott steinarbeid, gjenbrukselement nytta på ein kreativ og spennande måte, fleire fine uterom og ein bognande veranda. 

Som vanleg på møta våre byr vi på kaffi og noko godt å bite i, samt lotteri med flotte vinstar. Vi oppmodar dykk om å samkøyre, gå eller sykle til hagevandringa, så det vert lettare med parkering. 

Både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne til ein sosial og triveleg kveld. Ta med ein ven og kom!

Powered by Labrador CMS