Delar av Den trondhjemske postvei på Utvikfjellet.
Det er skilta fleire stadar langs Den trondhjemske postvei, som her på Utvikfjellet. Skilting er eit av tiltaka det no kan søkjast tilskot til.

Bli med og blåse liv i den gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim

Søk tilskot til verdiskaping, skjøtsel og skilting innan 10. juni.

Publisert Sist oppdatert

Verdiskapingsprosjektet Nasjonalt postvegprosjekt jobbar for meir merksemd om og bruk av den gamle postvegen. Det er eit mål å utvikle nye aktivitetar med utgangspunkt i lokale strekningar og kulturmiljøet rundt dei.

Åtte postvegkommunar i Vestland

Det fysiske kulturminnet, postvegen, skal leggjast til rette for meir bruk, og då må han bli meir tilgjengeleg enn han er i dag. I Vestland går postvegen gjennom desse kommunane: Bergen, Alver, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord, Gloppen og Stryn.

No inviterer prosjektet kommunar, museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar til å søkje om tilskot til

  • verdiskaping: Aktivitetar som bidreg til lokal verdiskaping med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan til dømes vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, og aktivitetar som er knytt til mat og reiseliv.
  • skjøtsel: Alle typar tiltak som har som mål å sikre, setje i stand, restaurere og bevare postvegen som kulturminne.
  • skilting av eit av strekka langs postvegen: Søknaden må vise kor skiltet/skilta er tenkt oppført og litt om kva ein ønsker å formidle. Forslaget må vere forankra i skiltmalen som Statens vegvesen har utvikla for postvegprosjektet. Ta kontakt med Statens vegvesen for meir informasjon.

Vil utvikle kulturmiljøet og turvegen

Prosjektet har definert to viktige satsingsområde, som er godt forankra i gjeldande planer som samarbeidspartane jobbar etter nasjonalt og/eller regionalt. Dei to satsingane er

  1. å utvikle eit heilskapleg kulturmiljø
  2. å utvikle strekningar på vegen som turveg

Prosjektet Den trondhjemske postvei er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen.

Les meir om tilskotsordninga og søk her: https://www.vestlandfylke.no/kultur/kulturarv/tilskot-for-nasjonalt-postvegprosjekt--den-trondhjemske-postvei/

Meir på Den trondhjemske postvei på postvei.no: https://postvei.no/

Powered by Labrador CMS