Bil snurra og køyrde vidare
Klokka 19:10 fredag kveld vart det meldt om ein bil som hadde snurra rundt på E 39 Jølstravegen i Sunnfjord.
Bilen var nede i grøfta og køyrde deretter vidare frå plassen. Politiet melde om mykje jord i vegbana og ymse bildelar, det måtte ryddast på plassen og eine vegbana var stengt.
Annonse
Klokka 20:24 melder Vest politidistrikt at dei har funne igjen bilen i Førde og fått kontakt med det dei antar er føraren.