
Båtvelten i Kinn: Éin død og éin kritisk skadd – ein framleis sakna
Ein mann er stadfesta omkommen etter at ein fritidsbåt med tre tyske menn om bord kantra utanfor Kråkenes fyr ved Måløy søndag kveld.
Det opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt i ei melding til pressa måndag morgon.
Ein annan mann er innlagd på Haukeland universitetssjukehus og er i kritisk tilstand. Ein tredje mann er framleis sakna og er anteke omkommen. Det går føre seg søk etter denne personen.
Annonse
Dei tre mennene er tyske statsborgarar i 60- og 70-åra.
Redningsaksjonen vart sett i gang etter at tre personar vart melde sakna og ein skjergardsjeep vart funnen drivande med kjølen opp i 19-tida søndag.
Den første personen vart funnen ein snau time etter at politiet melde om hendinga. Den andre personen vart funnen etter fleire timar.
Skipet frå kystvakta KV Bergen er i området og søkjer langs land.