Barnehagane har ordet: Styrken i risikoleiken
I vinter dukka det opp litt ulike diskusjonar på huset i Nygård barnehage. Det låg ei usikkerheit blant dei vaksne i barnehagen på kva tankar vi hadde kring risikoleik. Kva grenser har vi, og er det lov å ake med dei store mattene i den bakken no?
Skaper ikkje dei pinnane vi spikkar litt utrygg herjeleik? Spikkekniv er eg ikkje glad i - kva om borna skadar seg? Og det bålet - kan ungane sitje så nært?
Kva tenkjer eg, du og ikkje minst foreldra om dette? Ei utryggheit på kva grenser vi hadde, skapte meir grenser enn kva det var behov for. For slik er det ofte. Når ein er usikre på noko, strammar ein inn. Kva konsekvensar får dette for borna?
Den viktigaste arenaen
Leiken er grunnleggande for barn si utvikling, læring og trivsel. For barn er leik den viktigaste arenaen for å skape nye relasjonar, dei øver seg på konfliktløysing, sjølvhevding og øver empatiske evner ved å ta inn andre, eller eigne følelsesuttrykk og forsøke å handtere desse. Dette er måten vi ser på leik frå ein pedagogisk ståstad – vi brukar leiken til å skape god læring for borna i kvardagen.
For borna er leik noko heilt anna, for dei er leiken indremotivert, borna leikar for å nå den gode flyten det skapar å gje seg hen i noko. Vi vaksne kan òg søke den same kjensla, men då er det kanskje ei stille stund i ein fiskebåt, ei bandøving eller kanskje ein fotballkamp med vener som gjev den same kjensla? Nokre vaksne er meir ekstreme og køyrer fallskjermhopping, crowdsurfing eller stisykling som deira indremotiverte leik. Og slik er det for born òg, nokon testar ut og er nyfikne på meir utfordringar enn andre – skal vi stoppe desse i deira utforsking?
Kvifor risikoleik?
Risikoleik er leik der borna søkjer nye utfordringar og spenning. I slik leik kan det oppstå situasjonar der borna kan skade seg fysisk. Ellen Sandseter, professor ved Dronning Mauds Minne høgskule peikar på seks undergrupper av risikoleik:
- leik med høg fart; aking, sykling, zip line, disser, springing i ulendt terreng
- leik nær naturlege element; vatn, bratte skrentar, eld
- leik i høgder; klatring i tre eller på høge steinar
- leik med potensielt farlege reiskapar; spikking med kniv, saging, hamring
- bryteleik, herjeleik, leikeslåssing
- leiking på eiga hand; med ein risiko for at ein kan gå seg bort/ forsvinne - gøymsel, ikkje vaksenstyrt leik
Felles for desse aktivitetane er at dei gjer barna moglegheit til å utfordre seg sjølve og oppleve meistring.
Ein gut stod under eit stort tre i barnehagen og kika opp, ‘eg vil opp’, sa han. Då må du prøve å klatre, sa eg. ‘Du må hjelpe meg’, sa han. Du må prøve først, sa eg. Så peika eg på moglegheitene for kor han kunne plassere beina. Han forsøkte, det var skummelt, ‘du må stå her’, sa han. ‘Eg passar på deg’, sa eg.
Neste dag stod eg i anna leik eit stykke frå det klatretreet frå dagen før. ‘Hege! Heeeeege!!!’ høyrer eg. Eg snur meg og her kjem guten frå gårsdagen springane mot meg. ‘Du må komme og sjå!! Eg greier det heilt sjølv no!’ Så spratt han opp i treet som ingenting, med det største gliset om munnen.
Viktig for å skape robuste barn
Slike praksisforteljingar har vi ein del av i barnehagen. Vi hjelper borna å stå i sine følelsar, pushar der vi kan og trøystar der det trengst.
Risikoleiken er viktig for å skape robuste barn, tenkt deg kva denne guten erfarer ved å tørre å klatre opp i dette treet. Ved å våge noko han ikkje har våga før så har han på denne måten styrka si sjølvkjensle og styrka trua på sine eigne evner. Han har meistra noko han ikkje greidde før! Når barn klatrar, spring, balanserer i variabelt terreng utviklar dei òg styrke, koordinasjon og kroppskontroll. Dei får testa ut sine eigne fysiske grenser, kjenner kva kroppen meistrar og utviklar nye motoriske ferdigheiter. Denne guten har også i denne prosessen utvikla si eiga vurderingsevne og kan i større grad tenkje sjølv om kva som er trygt og ikkje trygt. Om ein aldri møter utfordringar, kan ein i mindre grad få utvikla si eiga risikovurdering.
Vi har ein leikebuss ståande i barnehagen, ein slik der du kan klatre opp på panseret for deretter å klatre opp på taket. Når du er oppe på taket, kan du lage din heilt eigen leikeklubb, plukke granskot frå den store grana som veks rett over, danse samba og rope ‘eg e her oppe!!’. Og du kan ramle ned, då får du mest sannsynleg litt ildt og ein blåkul. Vi har ein regel for denne bussen som lyder slik; skal du vere på taket, må du greie å klatre opp sjølv. Greier borna det, så er sannsynet for at dei ramlar ned mindre. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har snakka igjennom dei kjipe kjenslene med eit born som vil bli løfta opp på taket av ein vaksen. Men så går det nokre dagar, så står same bornet og dansar samba med kompisen sin på taket.
Risikoleik inneber ofte ei blanding av spenning, glede og litt frykt. Gjennom slike opplevingar lærer borna å regulere eigne kjensler og handtere usikkerheit. Dette kan bidra til større emosjonell utvikling, robustheit og betre evne til å møte utfordringar seinare i livet. Men denne spenninga, gleda og frykta kan òg bli overført til dei vaksne og dei som står att med ansvaret rundt borna.
Detaljstyring- eller dei leikne vaksne?
Som eg skreiv innleiingsvis, var det litt usikkerheit i personalgruppa på kor vi skulle sette grensene for ulik leik. Vi hadde forskjellig syn på kva vi oppfatta som farleg og kva som var ein sunn risiko. Så vi sette av tid til temaet risikoleik på eit personalmøte, i forkant av personalmøtet hadde vi lese oss opp på fagtekstar innan emnet, under møtet fekk alle legge fram sine tankar og erfaringar kring temaet. Det som dukka opp er at vi er alle forskjellige, vi har alle våre erfaringar og døme frå livet som fargar våre haldningar og vår vurdering av bornas leik - og det skal vi respektere.
Men samtidig må vi ikkje gløyme å respektere verdien leiken har for borna.
Vi kan lage mange reglar og retningslinjer for både born og vaksne i barnehagen, men då tar vi òg vekk mykje av gleda, læringa og meistringa ein kan oppleve i barnehagekvardagen. Om ein tenkjer tilbake på det barnet som ynskjer å komme opp på det leikebusstaket - men ikkje får det til; det er ein del jobb med å skulle trøyste eit born som absolutt vil noko - men ikkje får det til. Det hadde vore enklare å seie at INGEN får lov å gå opp dit, men er det den beste løysinga for borna?
Ei bjørneteneste
I rammeplan for Barnehagen står det at personalet har ansvar for at borna ‘opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar’ (Kunnskapsdepartementet 2017).
I dette personalmøtet konkluderte vi med at vi gjer borna ei bjørneteneste om vi skal lage reglar for alt, fordi vi tenkjer oss redde på kva som kan skje. Vi må finne ein balansegang mellom kva som er risiko og kva som er farleg. Ikkje fjerne alle læringssituasjonar, vi tar med borna i dei daglegdagse gjeremåla, vi lar dei få sleppe til å utforske situasjonar som er heilt vanlege for oss å kunne. Vi må ha tida til å gje borna tid, for å lære. Er vi leikne nok i kvardagen til å gje dei dette?
Ei jente spør meg fint om ho kan få lov å spikke – ‘ja det går fint’ seier eg. Jenta hugsar førre gong ho spikka, då skar ho seg i handa; ‘det skal eg ikkje gjere denne gongen!’ seier ho. Eg gjev kniven til jenta med instruksjonar om at ein alltid skal spikke ut og vekk frå mage/lår. Det går fint – heilt til ho er uheldig og kuttar seg i fingeren igjen. Etter litt trøyst og eit plaster seier jenta med nytt mot – ‘men neste gong skal eg ikkje spikke meg i fingeren!’