- Eit levande norsk språk er ein del av kulturarven vår og ein del av den demokratiske infrastrukturen, skriv Peder Lofnes Hauge. Foto: Kristianne Marøy/Noregs Mållag.

Kva er det eigentleg som held Noreg saman?

Mykje av det vi lenge har teke for gitt, er ikkje lenger så sjølvsagt. Med Grunnlov skal landet byggjast.

Krigen i Europa har gjort at vi snakkar om beredskap på ein heilt annan måte enn før. Vi byggjer opp Forsvaret, styrkjer cybertryggleiken og investerer i kritisk infrastruktur. Vi veit at eit robust samfunn ikkje kjem av seg sjølv.

Likevel er det ein del av beredskapen vi sjeldan snakkar om: språket.

Språket er meir enn ord. Det er gjennom språket vi lærer, tenkjer, diskuterer og skaper ny kunnskap. Det er språket som gjer at lover kan bli forståtte, at styresmaktene kan kommunisere med innbyggjarane, og at demokratiet fungerer. Eit samfunn utan eit sterkt fellesspråk blir ikkje berre kulturelt fattigare. Det blir også mindre robust.

Derfor meiner eg at vi bør stille oss eit enkelt spørsmål: Kva er det eigentleg som held Noreg saman?

Kanskje svaret er Grunnlova. Eller demokratiet. Eller tilliten mellom menneske. Eller det norske herrelandslaget i fotball? Alt dette er riktig. Men dei er ikkje uavhengige av språket. Dei blir formidla gjennom språket, utvikla gjennom språket og forståtte gjennom språket. Språket er limet som bind oss saman.

Språkpolitikk er langt meir enn  diskusjonar om bokmål og nynorsk. Det er viktige spørsmål, men dersom stadig fleire av dei viktigaste samfunnsområda glir over til engelsk, mistar vi ikkje berre norske ord. Vi risikerer å svekkje evna til å utvikle kunnskap, teknologi og offentleg debatt på vårt eige språk.

Noreg skal vere eit ope land. Engelsk er og skal vere eit viktig arbeidsspråk i forsking, næringsliv og internasjonalt samarbeid. Men eit ope samfunn må også ha eit språk som bind oss saman.

Berekraft handlar om meir enn klima, det handlar også om å ta vare på dei verdiane og institusjonane som skal bere samfunnet vidare. Vi investerer milliardar i vegar, straumnett og digitale system fordi vi veit at dei er nødvendige også om femti år. Kvifor skulle ikkje det same gjelde språket?

Vi veit at språk kan forvitre dersom det ikkje blir brukt på alle samfunnsområde. Fleire små språk i verda er under press. Vi veit òg at språk ikkje berre er kultur, men ein føresetnad for deltaking, kunnskapsutvikling og demokrati.

Derfor er det både rett og framtidsretta at Stortinget i løpet av denne perioden, truleg denne hausten, skal ta stilling til om norsk språk skal få grunnlovsvern.

Dette er ikkje ny språkpolitikk. Språklova slår fast at norsk er hovudspråket i Noreg. Grunnlovsframlegget innfører ingen nye plikter og tek ingen rettar frå andre språk. Det stadfestar  noko langt enklare: At norsk språk  er så grunnleggjande for landet vårt at det fortener vern i Grunnlova.

Vi investerer store ressursar i å verne landet vårt mot ytre trugslar. Det er nødvendig. Eit forsvar av landet vårt handlar også om å ta vare på det vi vil forsvare. 

Vi vil forsvare eit demokratisk Noreg, med ordskifte og folkestyre og med språkleg mangfald og fridom. 

Eit levande norsk språk er ein del av kulturarven vår og ein del av den demokratiske infrastrukturen. Tida er no komen for å gi det eit av dei sterkaste verna vi har: grunnlovsvern.

Peder Lofnes Hauge,

leiar i Noregs Mållag

Powered by Labrador CMS