Kor langt kan eit norsk epleliv bli?
Korleis kan det ha seg at eit eple bør etast før september, medan eit anna kan lagrast heilt til mars? Det skal Hardanger-forskarar finne ut, slik at norske bønder kan selja epla sine lenger.
– Her i landet har ein først og fremst testa dyrkingseigenskapane og kor godt epla smakar, og om forbrukarane ser ut til å like dei. Eple X-prosjektet har difor som mål å gje fruktlagra ny kunnskap om lagring av både eksisterande og nye sortar, seier Nibio-forskar og prosjektleiar Jorunn Børve til Nynorsk pressekontor.
I 2024 vart SmartFresh, ein såkalla etylen-hemmar, innført på den norske marknaden. Hemmaren stoppar vidare mogning av epla og bidreg til å forlenge haldbarheita ved lagring. Det er bruken av denne, saman med nøye kontrollert atmosfære i fruktlagra, som no skal freiste å minimere risikoen for fruktkvalitetstap og skadeutvikling på dei vanlegaste norske sortane, forklarar Børve.
Eplesorten Raud Aroma, som utgjer 30 prosent av det norske eplevolumet, kan ved hjelp av nye metodar allereie lagrast til 1. desember.
No er målet å gjere sorten haldbar endå ein månad lengre, slik svenskane har greidd:
– I Sverige er det fleire større produsentar og difor lettare å få jamnare resultat. Me har mange små produsentar og ein del å jobbe med, viss me skal få det til. Det har me tru på at me gjer.
Heilt til juni?
I Eple X er det gule eplet Asfari modellsort og allereie planta i stor skala i dei fleste fruktdyrkingsområda, slik at ein kan utvikle eit eige testregime for potensiell lagrings- og omsetjingstid. Resultata herifrå vil gje grunnlag for eit testregime for andre sortar.
Nye sortar kan også gje heilt nye moglegheiter. I Telemark tok dei til dømes inn den nye sorten Rubinstep for nokre år sidan, fortel Nibio-forskaren til NPK.
– Utan bruk av SmartFresh, men med såkalla kontrollerte atmosfærelagringsceller, kan Rubinstep no lagrast heilt fram til mars. Etter det har det også auka på med sal også utover vinteren.
– I kombinasjon med SmartFresh og andre tiltak, kan Rubinstep potensielt lagrast heilt fram til juni. Auka etterspurnad og den politiske vilja til å auke norskdelen av frukt og grønt i vinterhalvåret, kan difor gje ein utvida sesong for norske eple i framtida, fortel Jorunn Børve.
Kva vil det kunne bety for dei gamle norske eplesortane? Trur du mange bønder kjem til å leggje om og produsere nye sortar?
– Det er veldig mange faktorar som påverkar epleproduksjon. Men viss dei store omsetningskanalane har vilje til å selje norske eple i ein utvida sesong, så er det heilt klart eit veldig stort potensial.
Prosjektet Eple X starta opp i februar i år og skal pågå fram til februar 2030.
(©NPK)