Å meistre leik er å meistre livet.

Barnehagane har ordet: Leik er heile livet til barnet

«I dag har vi berre leika», og vi er godt nøgde med det.

Leik er ikkje berre ein del av barnet sitt liv. Leik er heile livet til barnet!

Å leike er å vere. Å leve. Vi vaksne må vere klar over at leik ikkje berre er for moro, men at det for barnet er av ramaste alvor. For, å meistre leik er å meistre livet.

Lukkast sosialt

Barn er glade i bøker.

Eit barn som lukkast i leik, har lukkast sosialt. Eit barn som kjenner seg verdifull for andre, vil kjenne sin eigen verdi. Når barna våre meistrar leiken, har vi oppfylt vårt antakeleg viktigaste samfunnsoppdrag.

I Rammeplan for barnehagen (2017, s. 20-21) under barnehagen sitt formål og innhald er barnets behov for leik eit eige underkapittel der personalet si rolle vert utdjupa. I det følgande vil eg vise korleis dette kan kome til uttrykk hos oss i Bakkelidgrenda barnehage.

Sporleiken

"Har du funne nokre spor, Lisbeth?"

Dette er ein invitasjon til leik. Ein spennande leik full av undring og fantasi. Eg må improvisere. Gå inn i rolla som arkeolog og kriminolog på jakt etter noko mystisk. Med det rette ansiktsuttrykket og tonefallet. Gjerne er det ein tjuv med i biletet. Og dinosaurar. I sporjakta dukkar det opp dinosaurtenner og restar av dinosaureggeskal, for vi er overtydde om at Bakkelidgrenda har husa den slags skapningar for lenge, lenge sidan. Meir enn tusen år. Og ganske så ofte er det spor etter både vaskebjørnar og troll. Ein gong sette vi opp ei felle med sjølvlaga frukt som lokkemat. «Tjuven» forsynte seg og forsvann. Kanskje ut i det store verdsrommet.

«Sporleiken» er ei leikerutine som er vorte til over tid. Den inneheld element frå ulike tema som vi har arbeidd med. «Verdsrommet» og «dinosaurar» har vore eigne temaperiodar der barna har fått utvikle kunnskap og forståing som dei delar mellom seg. Med slike felles referanserammer legg vi til rette for inkluderande leik der barna er likestilte i møte med leiken. Leiken utviklar seg stadig vidare gjennom nye idear frå barna og dei vaksne.

Litteraturen som utgangspunkt

Denne temaperioden skal vi arbeide med fagområdet kommunikasjon, språk og tekst. Barn er glade i bøker. I barnehagen er dei plasserte lett tilgjengeleg for dei, og dei aller fleste dagar er vi innom å lese i bøker.

Bøker er lett tilgjengelege i barnehagen.

I neste veke reiser vi på biblioteket på jakt etter ny litteratur og nye historier. Desse skal vere med på å prege leiken i barnehagen utover hausten. Personalet skal skape eit fysisk leikemiljø som stimulerer til å leike ei historie. Barna har sjølv valt å ha Peppa Gris som tema. Ved nærare ettertanke er det ikkje så smått ei gullgruve av moglegheiter for rolleleik. Fireåringane våre er godt kjende med Peppa sitt univers. Dei kjenner mange av karakterane og eigenskapane deira. Det som er fint for oss vaksne er at historiene om Peppa presenterer eit mangfald av daglegdagse situasjonar som barn i denne aldersgruppa kan ha erfaring med eller vere opptatt av, og som det er viktig å kunne noko om dersom ein skal kunne ta del i leiken: familie, konflikt, vennskap, reise, fritid, skule, ulike yrke, kjæledyr som vert borte, og endå meir. Sentrale narrativ i barnehagebarn sin rolleleik. No skal eg gjere meg klar til å vere «Fru Gaselle» dei komande seks vekene. Eg har allereie bestemt meg for at Sindre Skjelpadde, skjelpadda til Dr. Hamster, skal komme til å forville seg mang ein gong utover hausten. Eg gler meg.

Lisbeth Risøy Kvellestad, styrar i Bakkelidgrenda barnehage

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS