BankID har tekniske problem: – Vi har alle mann på jobb
BankID opplever tekniske problem. Problema oppstod litt over klokka 12 måndag.
Det står det i ei driftsmelding. Følgjande tenester er utilgjengelege:
* BankID med passord
Annonse
* BankID med biometri
* BankID signering
– Vi har nokre tekniske utfordringar akkurat no med BankID, seier pressevakt ved Stø, Ina Porsholt Jensen, til TV 2.
Førebels har dei ikkje funne årsaka til feilen og veit heller ikkje kva delar av tenesta som er ramma.
Annonse
– Det har vore nede i nokre minutt. Vi har alle mann på jobb for å løyse feilen. (©NPK)