Bål kom ut av kontroll
Eit bål kom ut av kontroll og det tok fyr i terrenget i Søråsen i Gloppen fredag ettermiddag.
- Bålet var for stort og for nær hus, så det var ei dårleg vurdering å tenne det, seier brann- og beredskapssjef Kjell Aske i Gloppen kommune.
Annonse
Han legg til at hendinga fann stad i tettbygd strøk, og at flammane berre var eit par meter frå husveggen, men han opplevde ikkje situasjonen som dramatisk.
Brannmannskap fekk raskt kontroll.