Avviklar grøn beredskap og bemanna dørkontroll

God vaksinasjonsdekning både blant helsearbeidarar og i samfunnet elles, fallande smittetal og færre innleggingar gjer at beredskapsleiinga i Helse Førde har vedteke å lette ytterlegare på korona-tiltaka, samt å avvikle beredskapsstatusen i føretaket.

Bemanna besøkskontroll ved hovudinngangane på sjukehusa i Helse Førde blir avvikla i løpet av neste veke, medan prescreening (kontrollspørsmål om smitterisiko) held fram som før.

– Eg er glad for at det no er grunnlag for å lette på nokre av koronatiltaka og opprette ein noko meir normalsituasjon, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beredskapssituasjon sidan 12. mars i fjor

Tilrådingar om besøk og følgje på sjukehusa i Helse Førde er uendra. Sjukehuset skal framleis legge til rette for besøk av pårørande og moglegheit til å ha med følgje når det er nødvendig, uavhengig av om desse er vaksinerte eller ikkje.

Også Helse Vest RHF, regionhelseføretaket som Helse Førde er ein del av, avviklar sin beredskapssituasjon og innfører normal beredskap på same måte som Helse Førde. ​

Då har helseføretaka vore i beredskap sidan 12. mars 2020.

– Det er eit godt teikn at vi no kan ta ned ekstraordinære strukturar for beredskap. Det er få pasientar med covid-19 i sjukehusa i Helse Vest og situasjonen er nær normal drift, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

– Vi følgjer smitteverntiltak og andre tiltak som gjeld for spesialisthelsetenesta også framover, men denne oppfølginga krev mindre ekstraordinære strukturar og vil bli følgd opp i dei ordinære leiarlinjene, seier Bryne.

Fortsett opptrappinga av planlagt aktivitet

Helse Vest har vore i grøn beredskap dei siste månadane. Grøn beredskap er det lågaste beredskapsnivået, og gjeld i ein uavklart situasjon som krev auka merksemd. Det betyr at det har vore eit avgrensa behov for ekstra ressursar.

Fram til sommarferien vil det vere viktig for helseføretaka i størst mogleg grad å ta opp att all ordinær aktivitet, sjølv om det fortsatt vil vere nokre tiltak som kan påverke ordinær drift. Medarbeidarane i sjukehusa gjør ein svært god innsats for å sikre god prioritering og god aktivitet også i skiftande beredskapsnivå.

– Vi vil følgje utviklinga nøye, og vi skal ha låg terskel for å gå inn i beredskap igjen, fortel Bryne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette bør du vite om besøk i sjukhusa:

• Besøk skal avtalast på førehand.

• Besøk bør vere dei same over tid.

• Inntil to besøkande per dag per pasient.

• Det blir ikkje tilrådd med besøk på over ein time, særleg dersom pasient ikkje har einerom. Dersom pårørande har hatt lang reiseveg, eller pasient har særskilt behov for nærleik til pårørande, så kan det gjerast unntak for dette.

• Det skal takast omsyn til sengepost/avdelinga sin totale driftssituasjon, noko som kan medføre at avdelingar kan innføre restriksjonar på besøket.

• For alvorleg sjuke, pasientar med særlege behov og terminale pasientar må ein gjere eigne vurderingar.