Ragnhild Georgsen er svindelekspert i Sparebanken Norge. Ho oppmodar til å melde frå om alle former for fakturasvindel.

Åtvarar mot utspekulert fakturasvindel

– Svindlarane lagar fakturaer som etterliknar ekte fakturaer ned til minste detalj. Ofte er det berre kontonummeret som er ulikt, seier Ragnhild Georgsen, svindelekspert i Sparebanken Norge.

Publisert

Ho viser til eit eksempel frå ein av kundane til banken. Ein bedriftsleiar fekk e-posten sin hacka. Midt i ein dialog med ein kjend leverandør, blanda svindlaren seg inn.

– Svindlaren hadde følgt med på dialogen, der den ekte leverandøren sende ein faktura til bedriftsleiaren. Det gjorde det enkelt for svindlaren å kopiere fakturaen, endre kontonummeret og sende fakturaen på nytt, fortel Georgsen.

Den falske e-postadressa hadde berre endra ein bokstav frå den ekte adressa. Bedriftsleiaren kjende seg sikker på at e-posten kom frå leverandøren og betalte fakturaen, som var på fleire millionar kroner.

– Dette er ein utspekulert og sofistikert form for svindel. Svindlarane kan følgje med i lang tid før dei slår til. Denne bedriftsleiaren har handla i god tru i ein tillitsbasert dialog. I tillegg var dette ved årsoppgjeret, eit sårbart tidspunkt der mange fakturaer skal betalast før nyttår, legg Georgsen til.

Ho viser til tal frå Økokrim som viser at det blir svindla for over to milliardar kroner kvart år, og dette talet aukar med fleire hundre millionar kvart år. Fakturasvindel rammar både privatpersonar og bedrifter, men summane er oftast høgare hos bedrifter.

– Det viktigaste grepet bedrifter kan ta imot fakturasvindel, er at alle kontornummer blir dobbelsjekka og verifiserte, sjølv om dei kjem frå ein kjend leverandør. Heller ei forseinka betaling enn ei feil betaling, seier eksperten vidare. (©NPK)

Powered by Labrador CMS