Åtvarar mot ny svindelmetode
Du har kanskje høyrt om phishing, men har du høyrt om quishing? Quishing er phishing med QR-kodar. Du kan finne falske QR-kodar på alt frå ladestasjonar og plakatar, til falske skattemeldingar og i menyar på utestader.
– Mange har vorte vande til å sjå nøye på lenker dei får på e-post og i sms-ar for å avsløre om det kan vere lureri. No må vi lære oss å gjere akkurat det same med QR-kodar – nettsida du kjem til når du skannar ein QR-kode kan vere svindel, seier Hans Jacob Fevang, antikvitvaskrådgivar i Sparebanken Norge, i ei pressemelding.
Sparebanken Noreg har fått dei aller første reklamasjonane frå kundar som har vorte svindla med falske QR-kodar.
Kundane har trudd at dei har selt ei vare på heilt vanleg vis, og har ikkje reagert på at kjøpar foreslår at handelen skulle fullførast via ein QR-kode. Kunden legg inn BankID-informasjonen sin som gir svindlaren tilgang til kontoen.
– Det som dessverre har skjedd i desse sakene, er at seljar har lagt inn BankID-informasjonen sin på nettsida dei kom til etter å ha skanna QR-koden. Dermed er svindlaren på innsida av bankkontoen til kunden og kan forsyne seg, seier Fevang, som har jobba med å stanse svindel i tre år. (©NPK)