
Åtvarar mot ny svindelmetode
Nordmenn vart svindla for over to milliardar kroner i fjor, ifølgje Økokrim. No åtvarar ein svindelekspert om dei nye metodane til svindlarane.
– Angrepet verkar målretta og gjennomtenkt, seier Thorbjørn Busch til TV 2.
Han er fagleiar i Telenors avdeling for Abuse, Fraud & Crime.
Tapa frå melde bedrageri i Noreg var på minst 2,13 milliardar kroner i 2024, ifølgje ein ny analyse frå Økokrim. Dei trur at det er store mørketal.
Büsch åtvarar mot ein ny type svindel i sanntid, der svindlarane er mykje betre kjende med offera sine i forkant.
– Me ser at dei bruker informasjon, anten frå opne kjelder eller illegitime kjelder som har informasjon som har komme på avvegar, eller tenester der du kan betale, forklarer Büsch.
Han trekkjer fram eit døme på eit nyleg svindelangrep der svindlarane både visste at offeret hadde eit enkeltpersonføretak, og dessutan kva bank offeret var kunde hos.
Busch rår nordmenn om å vera ekstra merksame dersom ein får ein SMS frå tilfeldige mobilnummer som gir seg ut for å vera ei bedrift eller ein offentleg etat. Samtidig tilrår han i staden å logga inn på den offentlege nettsida og ikkje oppgi sensitiv informasjon over telefon eller e-post. (©NPK)