Åtvarar mot høg brannfare i denne typen hus
Ein høgskulelektor åtvarar om at kulde, tørr luft og manglande nedbør gir auka brannfare i trehus, både ute og inne.
Åtvaringa kjem etter fleire brannar den siste tida, skriv NRK.
Ruben Dobler Strand ved Høgskulen på Vestlandet forklarer at vêrsituasjonen gjer at både vegetasjon og treverk tørkar ut. Når kald og tørr luft blir varma opp innandørs, aukar uttørkinga ytterlegare, noko som kan føre til raskare brannutvikling i bustader av tre.
– Vêret vi har no, har ein vesentleg betydning for brannfaren. Det kan utgjere forskjellen på ein dødsbrann og ein husbrann utan omkomne, seier Dobler Strand til NRK.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for skogbrann i fleire fylke, og varselet vil vare til det kjem nedbør av betydning. Strand peikar på at brannutviklinga kan gå om lag dobbelt så raskt under slike tørre forhold samanlikna med periodar med meir fuktig vêr.
Strand og meiner det bør innførast eit eige farevarsel for husbrann. Direktoratet for sikkerheit og beredskap seier dei ser nytta av meir kunnskap om ekstra tørre periodar, men er usikre på om eit slikt varsel vil føre til endra åtferd hos folk flest. (©NPK)