Fleire tre har falle og knokke under stormen Amy, mellom anna i Tønsberg. Bruk fagfolk for å rydde opp, rår styresmaktene.

Åtvarar mot farleg rydding etter Amy

Ekstremvêret Amy har ført til skadar på hus, skog og straumlinjer. Statsforvalteren.no åtvarar mot å rydde opp utan hjelp frå fagfolk og andre som kan det.

Publisert

– Vindfelte tre, kanskje også med rotvelt, kan vere ei farleg felle på grunn av store spenningar i stammen og rota. Dette er spesielt farleg ryddearbeid og bør ikkje gjerast av personar utan erfaring og kunnskap, står det i pressemeldinga frå Statsforvalteren.no.

Arbeidet bør gjerast av profesjonelle skogentreprenørar og andre med fagkunnskap.

– Til og med om du berre skal fjerne eitt enkelt velta tre i nabolaget, bør du be om hjelp frå folk med erfaring, står det.

I tillegg oppmodar pressemeldinga til å ta kontakt med forsikringsselskapet for å sjekke om slike naturskadar blir dekte av forsikringa. (©NPK)

Powered by Labrador CMS