Ap opp til 29,5 prosent i ny måling – Frp fell til 21,7 prosent

Arbeidarpartiet har ikkje hatt høgare oppslutning på 12 år, ifølgje ei ny meiningsmåling frå TV 2. Likevel viser målinga borgarleg fleirtal.

Arbeidarpartiet går fram 3,8 prosentpoeng til 29,5 i TV 2s partibarometer. Frp går tilbake 5,2 prosentpoeng til 21,7 prosent.

Senterpartiet går tilbake med 2,3 prosentpoeng til 4,6 prosent.

Målinga er samanlikna med målinga frå den dagen Senterpartiet gjekk ut av regjeringa, og Jens Stoltenberg kom inn som finansminister. Målinga viser likevel eit borgarleg fleirtal, med Raudt under sperregrensa (3,5 %), men Venstre over (4,1 %).

Heile målinga ser slik ut, med endringane sidan førre måling i parentes: Ap 29,52 (+3,8), Frp 21,67 (-5,2), H 19,26 (+0,9), SV 7,92 (+1,1), Sp 4,61 (-2,3), V 4,14 (+0,9), R 3,51 (-0,2), KrF 3,24 (0,0), MDG 2,60 (+0,2), Andre 2,50 (+0,9), INP 1,07 (-0,1).

Målinga er gjort av Verian for TV 2 blant et representativt utval på 1004 personar, og er gjennomført frå måndag til fredag førre veke. Feilmarginen er mellom 1,4 og 2,8 prosent. (©NPK)

Powered by Labrador CMS