Alle taper på ubrukte timar
I 2025 hadde Helse Førde 6422 avtalte timar der pasienten ikkje møtte opp. Det får konsekvensar både for andre pasientar og for helseføretaket.
– Vi skulle svært gjerne sett at folk i tide avbestilte timar dei ikkje kan møte til, slik at timen kan kome andre pasientar til gode, seier økonomidirektør i Helse Førde, Øystein Helleseth i ei pressemelding.
I fjor hadde Helse Førde om lag 200.000 polikliniske konsultasjonar. Over 28.000 timar vart avbestilte eller endra av pasientane, medan 6422 timar vart ståande ubrukte fordi pasienten ikkje møtte utan å gje beskjed innan tidsfristen på 24 timar.
– Det betyr at mykje store ressursar går tapt, fordi helsepersonellet som står klare ikkje har nokon pasient å hjelpe når timen er der. Det har sjølvsagt også ein stor kostnad for helseføretaket, sidan kvar konsultasjon kostar mellom 2.200 kroner og 10.000 kroner, alt etter kva slags time det er, seier Helleseth.
Når pasientar ikkje møter eller avbestiller med mindre enn 24 timar att til timen, kan Helse Førde ilegge pasienten eit ikkje møtt-gebyr på 1993 kroner innan somatikken, og inntil 433 kroner i psykiatri eller rusbehandling. I 2025 vart det skrive ut gebyr i om lag ein tredel av desse tilfella.
– Om ein skal tenkje på føretaksøkonomien, kunne ein henta inn noko av det tapte ved å skrive ut gebyr oftare, men den klart største ulempa for oss er ressursane vi må bruke på å replanlegge timar, seier Helleseth.
Ventetidene i Helse Førde er generelt i positiv utvikling, men Helleseth understrekar at denne utviklinga kunne vore enda betre dersom føretaket kunne nytta meir av den polikliniske kapasiteten sin til faktisk pasientbehandling.
– Dei som verkeleg taper på dette er pasientane som ikkje møter og dermed må vente om vi skal planlegge ein ny time til dei seinare, og dei som hadde rykka fram i køen om vi hadde visst at desse timane vart ledige, seier han.
Difor er oppmodinga hans klar:
– Om du ser at du ikkje kan møte, eller finn ut at timen ikkje er nødvendig, er det mange som tener på at du varslar i tide.