Alfred Bjørlo snakkar mest på Stortinget
Ei oversikt frå Altinget viser at vestlandspolitikaren er den som tar ordet mest på Løvebakken.
Stortingspolitikaren frå Venstre hadde flest minutt på talarstolen av alle representantane førre stortingssesjon, med heile 377,8 minutt, skriv NRK.
Nummer to på lista er også ein venstrepolitikar. Ola Elvestuen enda opp med 40 minutt mindre enn Bjørlo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tala kjem frå ei oversikt gjennomført av Altinget.
– Eg synest sjølv det er mange som snakkar utruleg mykje i salen, så eg fekk litt hakeslepp av at eg snakka mest, seier Bjørlo til Altinget. (©NPK)